Visste du at nettopp Nordfjordbåten vart ein stor hit etter at silda forsvann? Eller at han er bygd etter dei same prinsippa som vikingskipa våre?
Her får du oppleve historia om eit arbeidsreiskap som forma kystsamfunna våre – frå havfiske til kvardagsliv langs fjorden. I utstillinga kjem du tett på både handverket og korleis båten har vore i bruk. Utstillinga løfter fram dei stolte tradisjonane og dei smarte løysingane som gjorde Nordfjordbåten til ein favoritt langs kysten.
Bli med inn i ei levande forteljing om tre, tjøre og tid – der vi lovar at alle får lære noko nytt!
Inngangsbillett:
Vaksen: 140,-
Honnør/student: 110,-
Barn/under 18 år: Gratis
Årskort: Gratis inngang