Denne museumssøndagen kan du få ei heilt unik oppleving på Kystmuseet. Då opnar vi endeleg dørene til den nyrestaurerte Nilsenslippen. Det blir ei reise tilbake til den tidlege motoralderen med 80 meter drivreim, motordur og maskiner i full drift.
Nilsenslippen vart satt opp på museet sitt område i 1992/93. I løpet av den tida har bygget hatt fleire funksjonar, men det er først no maskinene er i drift og bygget opnar for publikum.
Vi planlegg aktivitetar for store og små både rundt Nilsenslippen og Bataldebua. Tema er sildefiske og motordur for alle. Hugs å kle deg for å vere ute og bli med på vårslipp!
Program:
På Nilsenslippen
- Rundtur blant maskinene på Nilsenslippen
- Hjelp Herr Nilsen med mysteriet om splinten
- Aktivitet i smia til Herr Nilsen
- Leik i fjæra
- Bygg deg eit hus!
På Bataldebua:
- Sildeflekking og smaksprøve
- Lag ditt eige krabbesnøre og fisk etter krabber
- Omvising på Bataldebua
På Brendøya
- Hels på geitene
Utandørs kafé ved Nilsenslippen der vi serverer kaffi, mineralvatn, sveler og pølser på bålpanna.
Pris:
Alle born t.o.m. 17 år er gratis
Vaksen: 120 kr.
Honnør/student: 90 kr.
Årskort for alle musea i MiSF: 390 kr.
MERK: All aktivitet denne dagen er ute på museumsområdet. Museumsbygget er stengt grunna privat arrangement.