Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Fleire båtar i tre med segl som står plassert i ein stor båthall.

Vinterferiedagar på Kystmuseet

Tidspunkt til
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Onsdag 22. februar og fredag 24. februar er det vinterferiedagar på Kystmuseet. Dette vert dagar fylt med kjekke aktivitetar for både store og små.

Kystmuseet held ope frå 10-15 og aktivitetane går gjennom heile dagen.

Det vert rebusløype rundt i museet – med premiering! Vi lagar nøkkelringar med ulike type fletteteknikkar. Her kan ein prøve seg på fleire teknikkar med ulik vanskegrad, så dette passar både vaksne og born. Nøkkelringen får du sjølvsagt ta med deg heim. Museet har også mange ulike spel, både brettspel og puslespel.

Kaféen og museumsbutikken held ope heile dagen. Her får ein kjøpt fastelavnsbollar. Vi har også kake, is, kaffi/te og eit lite utval kioskvarer.

Velkomen til oss!

Toppfoto: Båthallen på Kystmuseet. I rebusløypa får du utforske denne og resten av museet.

Billettprisar: alle born går gratis, for vaksne er inngangsbillett kr. 110,-. Du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen når du kjem.

Nb! Vi har også opent søndag 26. februar (sjå eige arrangement om museumssøndag)