Sogn Fjordmuseum Sogn Fjordmuseum
sogn-fjordmuseum/batar,-espen-mills.jpg.
Publisert 15/06/2022
Av Anette Uglum Vikdal

Sogn Fjordmuseum held stengd sommaren 2022

Dessverre ser vi oss nødt til å halde Sogn Fjordmuseum stengd i sommarsesongen 2022.

Museumsbygget har i ei tid hatt trong til omfattande oppgradering, både i utstillinga og elles.

I vår hadde museet ein vasslekkasje med påfølgjande fuktskade, som gjer at utstillingane pr. no ikkje er egna for publikum, og vi måtte dessverre ta avgjerda om å stengje museet denne sesongen. Arbeidet med oppattbygging av området som vart råka av vasslekasjen er i gang.

Har du spørsmål knytt til fjordmuseet, ikkje nøl med å ta kontakt

Museumsleiar Aud Ross Solberg tlf 47 45 27 68 eller e-post audros@misf.no

Museumsvert Anette Uglum Vikdal tlf. 90 08 94 81 eller e-post anevik@misf.no