Sogn Fjordmuseum Sogn Fjordmuseum
sogn-fjordmuseum/Sogn-Folkemuseum,-Espen-Mills--(31).jpg.

Båtsamlinga

Stad Sogn fjordmuseum, hovudbygg

Langs dei steile fjellsidene kring Sognefjorden var det svært mange stader rett og slett uråd å ta seg fram på annan måte enn med båt. Sjølv der landet var slik at det var farande for folk, var det mykje lettare å nytta fjorden som veg, enten det var menneske, dyr eller varer, som skulle fraktast. I museet finn du alle dei vanlege bruksbåtane til sogningane, frå færingen, som var den vanlegaste, til storebåten, ei lita sognejekt.

Sognafæringen

Sognebåten er ein fjordabåt som var lett både å ro og ta på land. Færingen var vanlegast. Han vart, som namnet seier, rodd med fire årar, altså to årepar. Sognebåtane kunne også seglast. Dei vart då rigga med råsegl, som dei gamle vikingskipa.

I utstillinga ligg ein færing, ein åttæring og ein føringsbåt attmed kvarandre. Desse tjørebreidde og svarte bruksbåtane vart nytta av bønder, fiskarbønder og husmenn langs Sognefjorden til å frakte folk og fe, fôr og andre varer.

Skåheimsbåten

Den mest ruvande båten i samlingane er Skåsheimbåten.Dette er ein storebåt, altså ein fraktebåt som vart rigga med råsegl og likna på ei jekt, men som er mindre. Båten vart bygd ca. 1840, på garden Indre Slinde i Sogndal, og seinare seld til Skåsheim i Balestrand. Båtbyggjaren var Ole Andersen Nybø frå Leikanger, ein legendarisk båtbyggjar, også kjend som Gamle –Risen.

Det var ein fraktebåt med skap som ei jekt, men mindre enn dei eigentlege jektene.
 Jektene tok seg i hovudsak av varetransporten til og frå Bergen, medan storebåtane, først og fremst vart nytta til transport i fjordane.

Skåsheimbåten er 10,44 m lang og 3,33 m brei. Han hadde vanlegvis eit mannskap på to, og under gode vindforhold skal han ha gjort 8-9 knops fart. Han hadde vanlegvis eit mannskap på to og kunne under gode forhold gjera 8-9 knops fart.

Skyssbåtane

I båtsamlinga kan vi sjå fleire staselege skyssbåtar, som alle har tilhøyrt offiserar, godseigarar eller andre kondisjonerte. Dette er vengbåtar, kvitmåla og dekorerte både med flagg og fargar. Passasjerane sat bak i vengen, som gav båtane namn. Den eine skyssbåten tilhøyrde generaladjutant Ole Elias Holck (1774-1842), som var representant til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Han brukte nok denne båten inn Sognefjorden, på veg mot Eidsvoll.

Isbåten

Ein båt har flat botn med to jarnbeslegne meiar under. Det er ein isbåt, som er halvt båt og halvt slede. Fjorden var lenge einaste vegen, og isbåten er eit kreativt svar på den utfordringa det var å reisa når isen var utrygg. Båten var brukt mellom Flåm og Aurland.