Sogn Fjordmuseum Sogn Fjordmuseum
sogn-fjordmuseum/Glavaerstova-sjenkestove-ved-fjorden.jpg.

Glaværstova

Stad Sogn Fjordmuseum, utanfor hovudbygget

Den eldste baren i Sogn! Glaværstovaer ei gamal sjenkestove som har stått på øya Søre Glavær i Gulen, mest truleg sett opp første tiår på 1800 talet. Dette var den første jektehavna jektene som kom nordfrå over sognesjøen kom til. Ho vart kalla for «Bondestova», og dette namnet er også måla over inngangsdøra. Skjenkestova kom til museet i 1930.

Opphavleg var det Norsk Folkemuseum som hadde kjøpt stova av Gulen Sparebank, som då eigde huset, men «ved velvillig imøtekommenhet», som det heiter i museet si årsmelding frå 1930, fekk De Heibergske Samlinger overta kjøpekontrakten.

Gulen sparebank var og velvillige. Banken reduserte kjøpesummen frå 800 til 500 kroner.
Museet vurderte huset til å vera av svært stor kulturhistorisk interesse. Bondestova består av eit stort rom, med bardisk og eit lite serveringsrom bak, som kan lukkast igjen med ei luke. Frå om lag 1840 vart disken og rommet bak også nytta som landhandleri.

Det er trapp opp til eit loft, som er ein sovesal innreidd med små «båsar», der gjestene kunne sova — mest truleg sova ut rusen. I tillegg er det eit eldhusrom med eigen inngang og med ei stor grue og pipe. Stova vart truleg bygd i det første tiåret på 1800-talet, og i følgje bygdeboka for Gulen vart ho då kalla for «Klokkarstaua». I 1830 og 1868 vart ho mykje vølt og ombygd, og fekk då den utsjånaden ho har no. Då fekk ho namnet «Skjenkestuen».

På foto frå Glavær før stova var flytta, ser vi at Bondestova var forlenga med eit tilbygg, som truleg var eit torvhus, og eit utedo. Kanskje vart dette bygd til ved den siste ombygginga, men sidan dette påbygget ikkje vart flytta, veit vi ikkje noko sikkert om korleis det var innreidd.

Hausten 1930 vart Glaværstova flytta til museet i Amla og deretter gjenreist på friluftsmuseet.

På museet i Amla vart Glaværstova i mange år nytta som museums kafé.

Då museet vart flytta frå Amla til Vestreim, vart Glaværstova ståande att. Ikkje før i 2005 vart stova flytta, og då ikkje til Vestreim, men til Sogn Fjordmuseum, ved den gamle ferjekaien i Kaupanger. Den gamle skjenkestova høyrer tematisk saman med samlingane i Sogn Fjordmuseum, og er ein viktig del av det maritime miljøet utvikla kring fjordmuseet.