Astruptunet Astruptunet
Rabarbra, ei bjørk, framfor gamal trebygning.

Fire års arbeid

Astruptunet ferdig restaurert

Bygningane er sett i stand. Plantemangfaldet til Astrup byrjar å bli attskapt. Murar og torvgardar er bygd opp att. Astruptunet har vore igjennom ei forvandling.

Hennar Majestet Dronning Sonja nyopna tunet

Det var nesten som ei folkevandring til Astruptunet denne midtsommarsdagen i 2024. Jølster viste seg fram frå si vakraste side. Sjølvaste Dronning Sonja var til stades for nyopne tunet.

– Han var i kunsten sin, i plassen, i tresnitta sine, i plantane sine og i naturen rundt han. Her er vi no, og gleder oss over at hagen og husa lyser av glede og stoltheit. Nikolai Astrup og hans Engel har kome oss nærare, noko mange vil ha nytte og glede av i mange år framover. Gratulerer med eit skinande comeback for Astruptunet, sa dronninga, før ho klipte over snora.

Stort prosjekt i mål

Prosjektet «Restaurering av Astruptunet og hagen» er eit fireårig prosjekt med ei økonomisk ramme på 46 millionar kroner. Sparebankstiftinga DNB, som også eig ei stor samling Astrup-kunst, står bak hovuddelen av finansieringa. Også Sunnfjord Kommune har bidratt med midlar.

Det er Sunnfjord kommune som eig Astruptunet og har vore prosjekteigar. Det har vore ein ambisjon om særs høg kvalitet på restaureringsarbeidet for både hus og hage. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen, Kode i Bergen og Musea i Sogn og Fjordane.

To kvinner i bunad planter rabarbra i grøn eng. Ei anna kvinne i bunad ser på. Bak sit publikum på linje.
Ingeborg Mellgren Mathiesen hjelper Dronning Sonja å plante rabarbra. Ordførar Jenny Følling er kry over korleis Astruptunet framstår no.

Kraftsamling av fagfolk

Ei prosjektgruppe leia av Lars-Henrik Milert i T-2 Prosjekt AS har stått for gjennomføringa. Med seg har han hatt Arkadia landskap ved Ingeborg Mellgren Mathiesen, som heilt tilbake i 2016 leverte ein forskingsrapport om plantemangfaldet i Astruptunet.

Mann i dress og hatt forklarar noko til ei kvinne i bunad.
Lars-Erik Milert viser HM Dronning Sonja rundt i Astrup sitt atelier.
Personar i bunad spaserer på grusveg.
Ingeborg Mellgren Mathiesen viser HM Dronning Sonja med følgje rundt.

Slåtten grind og laft ved Erlend Slåtten har stått for restaureringa av bygga. Anleggsgartnar Sandal As har jobba med anlegget - frå drenering til muring og å legge torvgardar.

Handverkar med skjegg.
Olav Sætre har mellom anna lagt opp utallige meter mur og torvgardar.
astruptunet/2024-05-16_09-09_astruptunet.jpg.
Erlend Slåtten er tradisjonshandverkar og har jobba med å restaurere bygga.
Person i caps og overall som vatnar med hageslange.
Gartnar Marthe Julie Inga.
Smilande mann men kvitt skjegg frmfor port.
Bjarne Sunde har vore engasjert av Sunnfjord Kommune, og har med sin lokalkunnskap og bakgrunn som tradisjonshandverkar hatt viktige bidrag, mellom anna laga port etter Astrup si tekning.

Sunnfjord kommune har også vore involvert og bidratt mellom anna med eigen gartnar, rådgjevarar og lokale tusenkunstnarar. Ikkje minst har frivillige stilt opp på fleire dugnadar.

Bygningane sikra for mange år

Dei fleste bygga i Astruptunet har blitt løfta, Bestastova bokstaveleg talt. Den vart flytta av ein kranbil for å bygge opp mur, pipe og gjere grunnarbeidet på nytt. Drenering og grunnarbeid har vore ein viktig del av arbeidet i heile anlegget. Spesielt Borgen hadde problem med fuktinntrenging i kaféen i kjellaren, som no er stoppa. Store bygningsmessige utbetringar er dessutan gjort på bygget, mest synleg for publikum er det nye kafétilbodet og Astrup sitt atelier.

To gamle trehus med torvtak på toppen av ein bakke.

Gamlestova og Kjøkkenstova er også restaurert, mellom anna har det blitt lagt nye torvtak. Ein gamal jordkjellar har blitt opna opp. Det er sett opp utedo – med slipestein på hjørnet – same stad som i Astrup si tid.

Hagen har gjenoppstått

Astruptunet ligg svært bratt til på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup ønskte å dyrke eit stort mangfald av planter til både mat, drikke og motiv for kunsten. For å lykkast med det, bygde han opp terrassar i landskapet. I prosjektet har ein bygd opp att murar og torvgardar, slik at skråninga er delt opp i dyrkbare terrassar slik dei var då Astrup dreiv.

Lilla blomst i forgrunnen av trebygningar i bakke.

Så har ein jobba med å attskape mykje av det store planetmangfaldet. Det er no planta mange historiske bær- og fruktsortar, basert på podekvistar frå Astruptunet, men også nærmiljøet og Njøs Frukt og Bærsenter.

Grundig kjeldearbeid

Det har vore eit enormt puslespel å legge kunnskapsbrikkene for arbeidet, og kjeldene er mange. Ei viktig kjelde er breva til Astrup, som er transkriberte og elektronisk søkbare. Notatbøkene, og spesielt bestillingslista han sende til Sandveds planteskole, har vore viktig. Her bestilte han over 2000 ulike planter til garden sin.

Gamle foto og Astrup sin eigen biletkunst av Sandalsstrand har også vore viktig. Ikkje minst har samtaler med etterkommarar også gitt gode bidrag.

Eit Astrupbilde som syner hagen, epletre i bloming og ungar med blomsterbukettar.

Takksemd og optimisme

Vi i Musea i Sogn og Fjordane er svært takksame for at denne diamanten er slipt opp. Tusen takk til alle gode krefter som har bidratt. Vi går inn i framtida med stor optimisme med tanke på å løfte fram historia og ideane til ein av våre store kunstnarar og personlegdomar.