Astruptunet Astruptunet
astruptunet/rom-for-ord.jpg.

Beredskap og matproduksjon i hagen

Tidspunkt -
Stad Astruptunet

Beredskap, hage og dyrking!

Det er vår i Astrupbygda. Solgule humler summar mellom gåsungane på nye seljeskot. I sjølvbergingshagen på Sandalsstrand veks rabarbraen allereie friskt langs bekkefar og torvgardar.

Med våren kjem lyset og livskrafta tilbake, men det kviler eit alvor over vårdagane i år, i Totalberedskapsåret 2026.Onsdag 29. april inviterer vi til ein vårdag i Astruptunet der vi ser på hagen som ein stad for beredskap og matproduksjon.

Vi møtes til ein kaffikopp og nysteikte svelekaker i kafeen frå kl 12, og får høyre birøktar og gartnar Markus Lohne Hustad fortelje om korleis han var med å forvandle eit gamalt hestebeite til bugnande grønsakshage på berre eitt år. I foredraget reflekterer han over korleis vi kan bygge opp jorda, fellesskapet og naturen gjennom å dyrke maten der vi bur.

Deretter får vi vere med på ei vandring i hagen og få praktiske tips til frukt, bær og grønsaksdyrking i landskap som våre.

Markus Lohne Hustad har arbeidd med berekraftig jordbruk i Norsk Bonde og Småbrukarlag, Økologisk Norge og Framtiden i våre hender, og er utdanna frå Norges miljø og biovitskaplege universitet (NMBU).

Arrangementet er eit samarbeid mellom Jølster bondelag, Astruptunet og Rom for ord.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. januar — 22. mai
Ikkje faste opningstider. Ta kontakt for besøk og omvising for grupper. Sesongopning laurdag 23. mai.

Prisar

  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, student/honnør*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Galleri, vaksen: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden