Astruptunet Astruptunet
astruptunet/bestastova-astruptunet-msf-05667.jpeg.

Bestastova - eit kreativt rom for små og store

Stad Astruptunet

Bestastova er ei opa og kreativ stove i tunet. Her kan ein finne inspirasjon, teikne, lese og trekke seg litt tilbake.

Vi innreder Bestastova for både kreative og rolege stunder. Alt er ikkje klart endå, men det er mogleg å gå innom når tunet er ope.

Stova vart satt opp i tunet då mor til Engel Astrup, Emerense Sunde, hadde blitt enkje. Her kunne ho hjelpe til med pass av ungar og stell av hage og dyr. Ho stelte heim og gard, då Engel og Nikolai var på reise til Algerie frå haust 1922 til slutten av mai 1923.

astruptunet/emmerense-pa-tunet.jpg.
Emerense Helene Sunde (Besta) avbilda på Sandalstrand.

Sjøv om Emerense var besta til fleire, passar det ekstra godt å tenke på "besta og dei åtte ungane" i Astruptunet.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

10. august — 31. august
Tysdag - søndag 11.00 - 16.00 og onsdag 11.00-19.00.
Omvisingar gjennom dagen, avtalast med museumsvertar ved ankomst.
Siste omvising ein time før stengjetid.

Prisar

  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, student/honnør*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Galleri, vaksen: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden