Astruptunet Astruptunet
astruptunet/museumsillustrasjon.jpg.

Natur og kultur - Astruphytta i Sandalen

Tidspunkt -
Stad Sandal i Jølster

Kunstnaren Nikolai Astrup hadde hytte ikkje langt frå Indre Sandalsstøylen. Hytta var lenge "gløymt", men er no restaurert og i bruk. Hytta er i privat eige, men med høve for ålmenta å besøkje den. Saman med Jølster sogelag og Førde historielag, inviterer Indre Sunnfjord Turlag til tur til Astruphytta denne dagen.

Stova er eit viktig kulturminne med høg regional verdi og ligg ved Sanddalselva i gamle Jølster kommune. Hit «rømte» Astrup for å få fred og inspirasjon som han skreiv i breva sine. Hytta er ei enkel sperrestove med låge dører og små vindauge, noko som viser enkle og fattige kår.

Astrup fekk sett opp hytta på noverande stad omkring 1912. Det er uvisst eksakt når hytta vart bygt, men fagfolk meiner ho kan vere frå 1860-tallet.

Dersom veret er bra og nokon ønskjer ein litt lenger tur, er det fint å gå inn til Botnavatnet (ca 1 km kvar veg).

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 17.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Arrangør: Indre Sunnfjord Turlag

Kontaktperson:

Ingebjørg Erikstad

ingebjorg.erikstad@enivest.net

41530941