Astruptunet Astruptunet
Fargerikt oljemaleri av eit lite epletre med rosa blomster i forgrunnen, dei gamle bygningane i Astruptunet bak der. Aller bakerst, Jølstravatnet og Bjørsetfjellet.

Utstillinga "Naturens gåve"

Stad Astruptunet, galleriet

Vel møtt i galleriet på Astruptunet!

Møt naturen, landskapet, husa – sjølve livet – slik kunstnaren Nikolai Astrup (1880-1928) eviggjorde det i atelieret sitt.

Astruptunet har vore gjennom omfattande restaureringsarbeid dei siste tre åra. Både bygg og hage har blitt tilbakeført til tida Engel og Nikolai Astrup levde her. Som del av restaureringa har det blitt planta både bærbusker, frukttre og planter som opphavleg var ein del av hagen.

Med utstillinga «Naturens gåve» markerer vi at restaureringa er i mål. Den gjev eit nærare blikk på det rike plantelivet Nikolai Astrup skapte rundt heimen sin. Du får sjå mange verk som syner kva hagen gav av frodig avkasting. Bli med hundre år tilbake i tid, då gjenbruk, sjølvhushald og storfamilien var ein naturleg del av kvardagen.

Oljemåleri der ei kvinne i lys sommarkjole plukkar rabarbra.

Nikolai Astrup bestilte over 2000 plantar frå Sandve planteskule. Han ønskte å brødfø familien med frukt og grønsaker frå hagen. Han prøvde også vekstar som normalt ikkje var hardføre nok for klimaet på Sandalsstrand. I arbeidet med restaureringa har vi fått meir innsikt i ideane hans, plantene han dyrka og korleis. Med det også mogelegheit til å sjå verka hans med eit nytt blikk.

Kjærleiken går att

Vi ser studie av blomster, nyttevekstar og tre, fylt med kjærleik til naturen. Motiva kan vere epletre og rabarbra, bjørkestammar og heggeblomst, dei gamle trea på prestegarden eller den trolske seljekallen.

I utstillinga ser ein at Astrup har eit nært forhold til alt som vekst i naturen. Han skildrar også stemningar og årstider. Det kan vere regnvêr, ein gryande vår eller trolske og frodige sommarbilete.

Bli også med innandørs. Etter bygging og utvikling av kunstnarheimen, måla Astrup fleire interiør frå Kjøkkenstova utpå 1920 talet.

Oljemåleri av interiør frå sperrestove med fargerike blomster og vevde dukar, barn i vogge.

Astrupfamilien var mange somrar på støylen i Befringsdalen, der Astrup fann fleire motiv. Støylslivet var ein viktig del av eit gardsbruk på den tida. Der nytta ein ressursane i fjellet, med slåttekvier og beite. Støylane låg ofte nær ei elv, då vatn til dyra og folk var viktig.

Utstilling over tre etasjar

Galleriet på Astruptunet er bygd opp og «skjult» inni fjøsen på tunet. I hovudetasjen, der du også finn museumsbutikken, syner vi flest store måleri. I tillegg er det utstilling i både kjellar og loft. Samla sett er dette den største samlainga av Astrupkunst vi viser her i galleriet sidan 2006.

Her får du også sjå korleis Astrup jobba med trykkplater, og lære om korleis han kunne bruke same motiv i både måleri og tresnitt. Eitt av hovudverka hans «Revebjeller» illustrerer det.

I motivet Kvennagong er det tre trykkplater, skore på begge sider. Det første måleriet er spegelvend i høve måleriet frå 1916 og trykket frå 1916-17.

Nikolai Astrup jobba også med å trykke bunadsforkle. Til det utforma han trykkblokk i linolium. Dette arbeidet tok kona Engel over og utvikla nye mønster, som vart trykt i fleire tiår etter at Nikolai døydde i 1928.

Takk til støttespelarar

Vi er glade for å kunne vise ei stor utstilling med Astrup sine verk, midt i landskapet har var så glad i. Stor takk til sjenerøs støtte frå Sparebankstiftelsen DNB, som har gjort dette mogeleg. Stor takk også til private utlånarar og Kode i Bergen. Vi ynskjer også å takke landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen for hennar hagehistoriske kartlegging av Astruptunet. Hennar funn har gjeve nye inngangar til å forstå Astrup sitt kunstnarskap.

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett her

Opningstider

14. juni — 11. august
Ope kvar dag 10.00 - 17.00

Prisar

  • Galleri, vaksen: 120,-
  • Galleri, student/honnør: 90,-
  • Galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen***: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden