Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Astruptunet
NIkolai og Engel Astrup portrettert frå brystet og opp

Nikolai Astrup

Målar, grafikar og gartnar

Nikolai Astrup var fødd i Bremanger 1880, og flytte til prestegarden på Ålhus i Jølster i 1883 då faren, Christian Astrup, fekk presteembetet der. Som eldste son var det forventa at Astrup skulle verte prest – og femten år gamal byrja han på katedralskulen i Trondheim To år etter avslutta han studiane for å verte kunstnar. I Trondheim fekk han sine første møter med original kunst, og i ungdomsåra beundra han kunsten til Erik Werenskiold, Theodor Kittelsen og Gerhard Munthe.

Ei trenisnittplate med foss, fjell, hus og folk som motiv
Nikolai Astrup, nøkkeltrykkplata til motivet Foss og bre, 1904, eit av hans tidlegaste tresnitt. (Dag Fosse, CC-BY-2.0)

I 1899 byrja han i Harriet Backers private malarskule i Kristiania, og med støtte frå mesenen og kunstsamlaren Olaf Schou reiste han gjennom Tyskland til Paris i 1901–02. I Paris skreiv han seg inn som elev av Christian Krohg på Académie Colarossi – men allereie i mai 1902 var han attende i Jølster for å byrje på sitt livs kunstprosjekt. Seinare skal han ha uttalt at det var i Paris at Jølsters maleriske mulegheiter gjekk opp for han, truleg med inspirasjon frå kunsten til Henri Matisse, Maurice Denis, Paul Gauguin og Henri «tollaren» Rousseau. Rousseau hevda at naturen var læremeisteren hans, og det same kunne ein sagt om Nikolai Astrup: Jølsternaturen og særleg landskapa kring Ålhus og Sandalstrand, vart Astrups livslange kunstnarlege motiv. I 1905 stilte han ut bileta frå Jølster i Kristiania, og han vart heidra av kritikarane for å fange «Vestlandets sære, forunderlige Natur» i ei ny form.

Eit par talar over grind i ein hage ei sumarnatt
Nikolai Astrup, Maaneskin i prestegaarden, mellom 1902-1907, olje på papplate, AT-362. (Foto: Sogn og Fjordane Kunstmuseum, CC-BY-2.0)

Astrup var særs oppteken av å halde seg orientert i kunstverda. Han abonnerte på både norske og internasjonale tidsskrift, og reiste på fleire studieturar, blant anna til London i 1908, til Berlin i 1911, og til København og Stockholm i 1916. I 1922–23 reiste han og kona Engel Astrup på ein begivenhetsrik reise gjennom Tyskland, Sveits og Italia til Algerie, og attende til Jølster via Spania og Frankrike.

Blyantskisse frå Venezia
Nikolai Astrup, Venezia, ant. 1922-1923, blyant på papir, AT-489. (Foto: Sogn og Fjordane Kunstmuseum, CC-BY-2.0)

Etter eit liv som vart sterkt prega av astma og lungesjukdomar, døydde Astrup av lungebetennelse i januar 1928. På Astruptunet etterlet han seg kona Engel Astrup, som han vigde i 1907, og åtte barn i alderen 2 til 17 år.

Skriven av

Tove Kårstad Haugsbø, førstekonservator
Nikolai Astrup forskningssenter for kunst og landskap ved KODE Bergen.