Astruptunet Astruptunet
Rabarbra, ei bjørk, framfor gamal trebygning.

Nyopning av Astruptunet

Tidspunkt -
Stad Astruptunet

Hennar Majestet Dronninga nyopnar Astruptunet

Etter nesten fire år med arbeid i Astruptunet, har vi den store gleda av å ønskje velkomen til nyopningsfest av den nyrestaurerte kunstnarheimen i Jølster.

Vi er så heldige at Hennar Majestet Dronning Sonja vil vere med oss denne dagen, og stå for den offisielle nyopninga av tunet.

Arrangementet er fullt

Påmelding er stoppa

Nyopning? Ja, det har faktisk skjedd så mykje at vi kallar det det. Ei mengd dyktige fagfolk og ekspertar har jobba med å føre tunet mest mogeleg tilbake til slik det kan ha vore då kunstnaren Nikolai Astrup og familien budde her i byrjinga av førre hundreår.

Bygningane er restaurert og sett i stand. Det enorme plantemangfaldet til Astrup byrjar å bli attskapt. Murar og torvgardar er bygd opp att. Inventaret i husa er likare Astrup si tid. Det har vore ei fantastisk forvandling.

To gamle trehus med torvtak på toppen av ein bakke.

Hjarteleg velkomen til alle!

Difor inviterer vi til ein høgtideleg festdag for å markere denne nye tida for Astruptunet. Arrangementet er gratis for alle.

Arrangementet er fullt

Påmelding er stoppa

Program for dagen

  • 11.00 Nikolai Astrups veg/Sørsida av Jølstravatnet vil ha redusert framkome til arrangementet er slutt. Det vert sett opp buss for gjestene til nyopninga frå Vassenden, Sunde og Førde på eigne tidspunkt. Sjå påmeldingsknappen for tider.

  • 12.00 Opningsprogram

    • Vel møtt ved administrerande direktør Jan Heggheim ved Musea i Sogn og Fjordanne

    • Musikkinnslag ved Erlend Apneseth.

    • Ordførar Jenny Følling i Sunnfjord talar.

    • Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland talar.

    • Opplesing av Nikolai Astrup-brev.

    • Ingeborg Mellgren Mathiesen og Lars-Henrik Milert om prosjektet.

    • H.M. Dronning Sonja nyopnar Astruptunet offisielt

    • Musikkinnslag ved Emil Horstad

    • Opningsseremonien er ferdig om lag klokka 12.50.

  • 1300 Vrimletid. Publikum kan nytte ulike formidlingstilbod (sjå nedanfor) og kaféen.

  • 13.45 Omvising i hagen – frå flaggstonga.

  • 14.45 Omvising i hagen – frå parkeringsplassen ved vatnet.

  • 15.15 Omvising i utstillinga «Naturens gåve» i galleriet.

  • 16.15 Arrangementet er slutt.

Revebjeller framfor bygga i Astruptunet.
Mykje er nytt, men Astruptunet er det same. Og revebjellene veks der framleis.

Dette kan du gjere i vrimletida

  • Kjøkkenstova, Gamlestova og Borgen vert opne for publikum. Innandørs vil du møte kunnskapsrike vertar som kan fortelje kva du ser.

  • Heile den ny-restaurerte hagen er tilgjengeleg. Det blir enkel formidling om kva arbeid som er gjort.

  • Den nye utstillinga «Naturens gåve» i galleriet er open. Dette er den største utstillinga i tunet sidan 2006, og gjev deg eit djupdykk i det rike plantelivet Astrup skapte rundt heimen sin.

  • Det blir innslag ved musikar og komponist Erlend Apneseth. Han spelar hardingfele, og du vil møte tonane hans fleire stader gjennom dagen.

  • Kafeen er open. Enkel servering med sveler, vaflar, is, brus og kaffi.

Oljemaleri i gullramme med jonsokbål som motiv.
Møt naturen, landskapet, husa – sjølve livet – slik Nikolai Astrup eviggjorde det i atelieret sitt.

Stort prosjekt i mål

Prosjektet «Restaurering av Astruptunet og hagen» er eit fireårig prosjekt med ei økonomisk ramme på 46 millionar kroner. Sparebankstiftinga DNB, som også eig ei stor samling Astrup-kunst, står bak hovuddelen av finansieringa. Også Sunnfjord Kommune har bidratt med midlar.

Det er Sunnfjord kommune som eig Astruptunet og har vore prosjekteigar. Det har vore ein ambisjon om særs høg kvalitet på restaureringsarbeidet for både hus og hage. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen, Kode i Bergen og Musea i Sogn og Fjordane.

Kraftsamling av fagfolk

Ei prosjektgruppe leia av Lars-Henrik Milert i T-2 Prosjekt AS har stått for gjennomføringa. Med seg har han hatt Arkadia landskap ved Ingeborg Mellgren Mathiesen, som heilt tilbake i 2016 leverte ein forskingsrapport om Astruptunet.

Slåtten grind og laft ved Erlend Slåtten har stått for restaureringa av bygga. Anleggsgartnar Sandal As har jobba med anlegget - frå drenering til muring og å legge torvgardar.

Sunnfjord kommune har også vore involvert og bidratt mellom anna med eigen gartnar, rådgjevarar og lokale tusenkunstnarar. Ikkje minst har frivillige stilt opp på fleire dugnadar.

Utedo med slipestein og vedla.
Det er stor detaljrikdom i rekonstruksjonen.

Bygningane sikra for mange år

Dei fleste bygga i Astruptunet har blitt løfta, Bestastova bokstaveleg talt. Den vart flytta av ein kranbil for å bygge opp mur, pipe og gjere grunnarbeidet på nytt. Drenering og grunnarbeid har vore ein viktig del av arbeidet i heile anlegget. Spesielt Borgen hadde problem med fuktinntrenging i kaféen i kjellaren, som no er stoppa. Store bygningsmessige utbetringar er dessutan gjort på bygget, mest synleg for publikum er det nye kafétilbodet og Astrup sitt atelier.

Gamlestova og Kjøkkenstova er også restaurert, mellom anna har det blitt lagt nye torvtak. Ein gamal jordkjellar har blitt opna opp. Det er sett opp utedo – med slipestein på hjørnet – same stad som i Astrup si tid.

Hagen har gjenoppstått

Astruptunet ligg svært bratt til på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup ønskte å dyrke eit stort mangfald av planter til både mat, drikke og motiv for kunsten. For å lykkast med det, bygde han opp terrassar i landskapet. I prosjektet har ein bygd opp att murar og torvgardar, slik at skråninga er delt opp i dyrkbare terrassar slik dei var då Astrup dreiv. Så har ein jobba med å attskape mykje av det store planetmangfaldet. Det er no planta mange historiske bær- og fruktsortar, basert på podekvistar frå Astruptunet, men også nærmiljøet og Njøs Frukt og Bærsenter.

Lilla blomst i forgrunnen av trebygningar i bakke.

Grundig kjeldearbeid

Det har vore eit enormt puslespel å legge kunnskapsbrikkene for arbeidet, og kjeldene er mange. Ei viktig kjelde er breva til Astrup, som er transkriberte og elektronisk søkbare. Notatbøkene, og spesielt bestillingslista han sende til Sandveds planteskole, har vore viktig. Her bestilte han over 2000 ulike planter til garden sin.

Gamle foto og Astrup sin eigen biletkunst av Sandalsstrand har også vore viktig. Ikkje minst har samtaler med etterkommarar også gitt gode bidrag.

Takksemd og optimisme

Vi i Musea i Sogn og Fjordane er svært takksame for at denne diamanten er slipt opp. Tusen takk til alle gode krefter som har bidratt. Vi styrkar innsatsen med å løyse oppdraget vårt som formidlar av Nikolai Astrup sin kunst og liv, ved å opprette ei heilt ny stilling som museumspedagog for Astruptunet. Med dette bakteppet går vi inn i framtida med stor optimisme med tanke på å løfte fram historia og ideane til ein av våre store kunstnarar og personlegdomar.

Vel møtt på nyopningsfest!