Djupdykk i livet og kunsten til Nikolai Astrup
Bli med våre omvisarar på ein rundtur innandørs og utandørs i Astruptunet. Kontakt oss gjerne på førehand for å gjere avtale om omvising for grupper. Ein får tilbud om å starte med å sjå utstilling eller å gå på omvising, når ein kjem til staden. Siste omvising startar seinast kl.16.00.( 15.00 i skuldersesong). Tidsbruk: omlag 45. minutt. Besøk i galleriet kjem i tillegg.
Billettar kan kjøpast digitalt på førehand, eller i kafeen ved adkomst.
Hus og atelier
I husa fortel vi historia om heimelivet til Astrupfamilien. Her får du også komme inn i atelieret og sjå kvar han skapte mykje av kunsten sin. Dei siste åra har også fleire av bygga blitt restaurert, og interiøret har i enno større grad blitt ført tilbake slik det var då Engel og Nikolai budde der tidleg i førre århundre.
Hagen
I hagen fortel vi om korleis Astrupfamilien nytta hagen - både i kvardagen og i kunstverka. Dei siste åra har uteområdet blitt rekonstruert med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. No kan vi til fulle vise korleis Nikolai Astrup skapte ein oase av artsmangfald.
Galleriet
I galleriet viser vi både måleria og nokon av trykkplatene til Nikolai Astrup. Her fortel vi om kunsten til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup.
23. mai — 19. juni
Det er omvisingar gjennom heile dagen. Ein får tilbud om å starte med å sjå utstillinga i galleriet eller å gå på omvising, når ein kjem til staden.
20. juni — 9. august
Faste omvisingar kl.10.30, 12.30, 16.00 og ved behov. Utstillinga i galleriet kan de sjå før eller etter omvising.
August/september
Det er omvisingar gjennom heile dagen. Ein får tilbud om å starte med å sjå utstillinga i galleriet eller å gå på omvising, når ein kjem til staden.