Astruptunet Astruptunet
astruptunet/astruptunet-msf-03432-(1).jpg.

Sesongopning Astruptunet

Tidspunkt -
Stad Astruptunet

Vi opnar for sesongen!

Laurdag 23. mai opnar Astruptunet for sesongen. Vi er klare med den nye utstillinga "Ein kreativ heim" og eit tun i full vårpryd. Velkomne!

Kva kan du gjere i tunet denne dagen?

Opplev den nye utstillinga vår "Ein kreativ heim". I galleriet vårt kan de også vere med på følgande program:

  • kl. 12.00 Samtale - Ein kreativ heim

    Bli med på baksida av årets utstilling. Kurator Kesia E. Halvorsrud i samtale med Tor Martin Leknes og Solveig B. Lofnes

    kl. 14.00 Omvising med kurator Kesia E. Halvorsrud.

Besøk husa og hagen

  • Omvising i husa med våre museumsvertar gjennom dagen.

  • Ein kan vandre på eiga hand på dei små stiane i hagen. Denne helga startar nok fruktbløminga for fullt.

Vi har fått nye varer i museumsbutikken og kafèen held ope heile dagen.

Billett til sesongopning gjeld for heile dagen og gjev tilgang til program i galleriet og omvising husa. Omvising i husa avtalast med museumsvertar i kafèen vår. Sjå oppsette tider for eige program i galleriet.

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett til sesongopning

Opningstider

10. august — 31. august
Tysdag - søndag 11.00 - 16.00 og onsdag 11.00-19.00.
Omvisingar gjennom dagen, avtalast med museumsvertar ved ankomst.
Siste omvising ein time før stengjetid.

Prisar

  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, student/honnør*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Galleri, vaksen: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden