Velkommen til ein stemningsfull laurdag i Astruptunet!
Ei stund for å oppleve smakar, lukter og fargar frå hagen på Sandalstrand.
Saman med våre gartnarar har vi hausta frå kjøkkenhagen, bærbusker og rabarbraplanter gjennom sommar og haust. Dette har vi sett saman til ein liten meny, og vi inviterer dykk inn i Nikolai og Engel sitt gjestfrie tun.
Denne laurdagen inviterer vi til to bordsete, kor ein får ete eit godt og haustleg måltid saman.
Ved bordet fortel vi små forteljingar frå livet i tunet og utdrag frå Nikolai Astrup sine eigne ord om hage- og planteglede.
Praktisk informasjon:
Det vert førehandssal av billettar kor ein kan velgje mellom to tidspunkt for bordsete:
Smakar frå hagen kl.12.30-14.30
Smakar frå hagen kl.15.00-17.00
Måltidet består av:
Suppe og brød, ulike smakar frå hagen, dessert og kaffe.
*Begrensa antall billettar per. bordsete