Hagen open for publikum
Tunet og gardshagen er open og tilgjengeleg for publikum utan billett, heile året. Du er hjarteleg velkomen inn i Astrup si verd!

Du startar ved parkeringsplassen nede ved Jølstravatnet og går gjennom treporten. Ein bratt og svingete grusveg fører oppover mot husa.

Her kan du studere tradisjonell byggeteknikk og sjå imponerande murarbeid. Ikkje minst får du oppleve eit plantemangfald som er sjeldan å oppleve.

Nikolai Astrup terasserte og forma landskapet. Ikkje berre for å få planter til å vekse, men for å fleire motiv å male. Mange av dei kjende motiva til Nikolai Astrup finn du att ved å utforske tunet.

Og når du har nådd på toppen, finn du deg ein benk. Lyttar til fuglekvitteret. Høyrer vinden rasle. Og studerer detaljane og variasjonen i planter og bygningar. Du kjenner at no er du i Nikolai Astrup sitt rike.