Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
fotografi av kvinne ved namn Sigrun Berg.

Bokbad: Sigrun Berg - Vev og virke

Tidspunkt -
Stad Eikaasgalleriet

Velkomne til bokbad med forfattar og kunsthistorikar Liv Klakegg Dahlin. Ho tek med boka Sigrun Berg – Vev og virke, og historier frå Sigrun Berg sitt rike liv knytta til veven.

Sigrun Berg - tekstilkunst, tradisjon og nyskaping

Sigrun Berg, norsk tekstilkunstnar og sosial entreprenør, var leiande innan norsk tekstilkunst i perioden 1940–1970. Hun fekk kvinner i arbeid over heile landet og var sentral i skandinavisk design og norsk brukskunst i etterkrigstida. I si tid var ho det mest eksklusive og trendy merkevaren ein kunne bruke av slips, skjerf, busseruller og jakker. Hun er kjent for fleire offentlige utsmykkingsoppdrag i Norge, blant anna i Håkonshallen i Bergen kor ho samarbeida med Ludvig Eikaas og Synnøve Anker Aurdal.

Jølster og Sigrun Berg

I Jølster samarbeide Berg med Jølster kunsthandverk og Magnhild Hegheim på 60-talet.
Fleire av hennar ikoniske plagg vart produsert gjennom leigeproduksjon og samarbeid med ulike veverske. Saman med Ludvig Eikaas lagde ho ei fane til tidlegare Mo Jordbrukskule.

Ei liv mellom to permar

Sigrun Berg si verksemd har over tid fått lite merksemd, men gjennom forfattar Liv Dahlin sitt omfattande arbeid, har Bergs produksjon og aktivitet vorte samla og dokumentert. Både som kunstnar, designar, feminist og entreprenør. Alt er no samla i boka Sigrun Berg – Vev og virke (2024)

Hos oss vil Dahlin vil fortelje frå arbeidet rundt boka, og kva ho har oppdaga gjennom sitt forskingsarbeid.
I utstillinga LIVSNERVEN – frå stove til atelier, er det fleire plagg og tekstilar frå Sigrun Bergs vevstue, som vi har fått låne i frå Dahlin si rike samling og private eigarar.

eikaasgalleriet/ob.o64_2943-(2).jpg.
Sigrun Bergs vevstue. Foto: Leif Krohn Ørnelund / Oslo Museum

Om forfattar Liv Klakegg Dahlin:
Liv arbeider i dag som førstelektor og instituttleiar ved Institutt
for estetiske fag ved OsloMet. Ho er kunsthistorikar med spesialfelt innan internasjonal
tekstilkunst. Ho har i fleire år undervist i design, kunst og motehistorie. Dei siste åra har ho
særleg formidla tekstilkultur og forskingsarbeid knytta til Sigrun Berg. Ho gav ut boka Sigrun
Berg- vev og virke
på Orfeus Publishing 2024.

Billett til arrangementet gir også inngang til utstillinga LIVSNERVEN - frå stove til atelier.
Open kafé med enkel servering.

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett til arrangementet

Opningstider

24. mai — 13. juni
Ope laurdag - søndag kl. 11.00 - 16.00.

Prisar

  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Student/honnør: 100 kr
  • Vaksen: 130 kr
  • Gruppe (15+ personar*): 110 kr

Her er vi

Eikaasgalleriet
Jølstravegen 1677
6847 Vassenden