Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
eikaasgalleriet/livsnervern-_-fra-stove-til-atelier_msf_04620_38808029.jpg.

Kuratoromvising 28. mai: LIVSNERVEN - frå stove til atelier

Tidspunkt -
Stad Eikaasgalleriet

Bli med på omvising i utstillinga som syner fram miljøa dei kjende kunstnarane Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas vaks opp i. Nettopp desse miljøa gav næring til kvinner i bygda, med lange trådar til byane. 

Tekstil har vore ein  del av vår kultur, både som eit praktisk materiale og som ei kunstform. Fargar, mønster og teksturar fortel ei historie, men uttrykkjer også identitet og kreativitet. I utstillinga "LIVSNERVEN - frå stove til atelier" vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst.

eikaasgalleriet/livsnervern-_-fra-stove-til-atelier_msf_04629_38808497.jpg.
Tekstilar frå utstllinga med mønster av Nikolai Astrup.

Museumsleiar Solveig har lenge gått med  ein tanke om å setje saman denne utstillinga, og hadde sjølv ei mor som kom flyttande til Jølster for å veve. Gjennom arbeidet med utstillinga har ho oppdaga nye historier frå sitt eige nærområde som har løfta fram kvinnelege gründerhistorier og stolt handverk.

Solveig Berg Lofsnes og Olin Steinsvik syner dykk rundt i utstillinga og fortel historier frå stovene vi stig inn i.

Opningstider

24. mai — 13. juni
Ope laurdag - søndag kl. 11.00 - 16.00.

Prisar

  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Student/honnør: 100 kr
  • Vaksen: 130 kr
  • Gruppe (15+ personar*): 110 kr

Her er vi

Eikaasgalleriet
Jølstravegen 1677
6847 Vassenden