Bli med på omvising i utstillinga som syner fram miljøa dei kjende kunstnarane Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas skapte og vaks opp i, gav næring til kvinner i bygda med lange trådar til byane.
Tekstil har vore ein del av vår kultur, både som eit praktisk materiale og som ei kunstform. Fargar, mønster og teksturar fortel ei historie, men uttrykkjer også identitet og kreativitet. I utstillinga "LIVSNERVEN - frå stove til atelier" vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst.

Museumsleiar Solveig har lenge gått med ein tanke om å setje saman denne utstillinga, og hadde sjølv ei mor som kom flyttande til Jølster for å veve. Gjennom arbeidet med utstillinga har ho oppdaga nye historier frå sitt eige nærområde som har løfta fram kvinnelege gründerhistorier og stolt handverk.
Solveig Berg Lofsnes og Olin Steinsvik syner dykk rundt i utstillinga og fortel historier frå stovene vi stig inn i.