Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
foto av tekstil med mønster.

Omvising 15. juli LIVSNERVEN - frå stove til atelier

Tidspunkt -
Stad Eikaasgalleriet

Bli med på omvising i utstillinga som syner fram miljøa dei kjende kunstnarane Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas vaks opp i. Nettopp desse miljøa gav næring til kvinner i bygda, med lange trådar til byane. 

Tekstil har vore ein  del av vår kultur, både som eit praktisk materiale og som ei kunstform. Fargar, mønster og teksturar fortel ei historie, men uttrykkjer også identitet og kreativitet. I utstillinga "LIVSNERVEN - frå stove til atelier" vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst.

eikaasgalleriet/livsnervern-_-fra-stove-til-atelier_msf_04629_38808497.jpg.
Tekstilar frå utstllinga med mønster av Nikolai Astrup.

Gjennom arbeidet med utstillinga har ein løfta fram kvinnelege gründerhistorier og stolt handverk.
Velkomne inn i utstillinga og til historiene frå stovene vi stig inn i.