Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/jotunet_msf_02503_foto_henning_a.__hellebust.JPG.
Publisert 06/12/2023
Av Annette Langedal Holme

Inviterer til skjebneprat om Jotun

Det er ikkje lenger mogleg for Kystmuseet i Sogn og Fjordane å ta vare på eigedommen Jotun på ein god måte. No ser vi etter andre som kan ta over arven etter Bjørn Hegranes.

I 2007 fekk Kystmuseet tilbod om ei storslegen gåve. Den kjente florøkunstnaren Bjørn Hegranes, ynskte at museet skulle arve heimen og kunsten etter han. Dette takka Kystmuseet ja. Då Hegranes døyddei 2011 tok museet over eigedommen og kunsten.

Eigedommen, Jotun, ligg i eit bustadfelt i Florø, og er sett saman av fleire eldre hus og nyare påbygg. Hegranes budde og arbeidde på Jotun og huset romma både ein boligdel og atelier. Han var også ein ivrig hagemann og eigedommen hadde ein flott opparbeidd hage. Kunstnarskapen hans var rik og produktiv gjennom yrkeslivet og museet overtok over 2000 verk etter Bjørn Hegranes i 2011.

kystmuseet/ksf.f.012-005.jpg.
Bjørn Hegranes arbeider i hagen ved porten inn til eigedommen. Fotograf er truleg kona Svanhild Hegranes.

Kunsten har fått stor merksemd

I åra etter Hegranes sin bortgang har Kystmuseet prioritert å registrere og syne fram kunsten. Sidan 2011 har museet gjennomført fire utstillingar og registrert heile kunstsamlinga hans. 455 av kunstverka er digitalisert og ligg tilgjengeleg for alle på Digitaltmuseum.no. Dei siste åra har vi også gjennomført undervisningsopplegg for ungdomsskuletrinnet på Jotun. Elles har vi opna Jotun for enkelte arrangement og hatt tilbod om omvising om sommaren.

I den testamentariske gåva la Bjørn Hegranes nokre føringar på korleis han ynskte at museet skulle bruke Jotun i formidlinga av kunstnarskapen hans. Desse føringane har synt seg vanskeleg å innfri. Trass i at Kystmuseet har brukt mykje tid og ressursar på å forvalte arven etter Bjørn Hegranes, ser vi at det ikkje er mogleg for oss å følgje opp forventningane som ligg i testamentet.

Utanfor kjerneoppgåva

Årsaka til at vi ikkje klarer å følgje opp forventningane er at Kystmuseet i Sogn og Fjordane først og fremst er eit kulturhistorisk museum. Våre kjerneoppgåver er å fremje, forske på og formidle kysthistoria til kystkommunane i det tidlegare Sogn og Fjordane, og må prioritere våre avgrensa ressursar i den retning. Eigedommen Jotun har ikkje ei sentral rolle i dette oppdraget. Vi i musea har derfor kome fram til at eigedommen Jotun har ei betre framtid utanfor museet sitt eigarskap.

Musea i Sogn og Fjordane tek sikte på å ivareta og forvalte kunsten etter Bjørn Hegranes. Det er likevel naturleg å sjå på moglegheiter for at delar av kunstnarskapen vert vist fram på Jotun i framtida.

På leit etter arvtakarar

Det store spørsmålet no er korleis Jotun og arven etter Bjørn Hegranes kan forvaltast på ein god måte i framtida. Dette arbeidet er i startfasen. Det var naturleg for oss å ta kontakt med Kinn kommune. Kommunen har og eit ynskje om at Jotun vert ivareteke på ein god måte, og har vil bidra med å finne nye løysingar. Til å begynne med tenkjer vi å invitere til eit ope møte på nyåret 2024. Der kan moglege interessentar få ei synfaring på Jotun, før vi samlast på Kystmuseet for informasjon og spørsmål.

Om du sit i eit lag eller organisasjon som er nysgjerrig på om dette kan vere noko for dykk? Ta kontakt med Kystmuseet og følg med i våre kanalar for meir informasjon.

kystmuseet/img_7521.jpeg.
Synfaring på Jotun. Frå venstre: Annette Langedal Holme, Museumsleiar på Kystmuseet, Anita Solbakken, Kultursjef i Kinn kommune og Hilmar Eliasson, leiar i oppvekst- og kulturutvalet. Fotograf Jan Heggheim.
kystmuseet/jotunet_msf_02513_foto_henning_a.__hellebust.JPG.
Museumsleiar Holme viser rundt i atelieret i Jotun. Her er det meste som då Hegranes arbeidde i lokalet.
kystmuseet/ksf.bh.00017a.jpg.jpg.
Sjøvlportrett av Bjørn Hegranes. Måla ein gong i 1950-åra.

Om du ynskjer å bli betre kjend med kunsten til Bjørn Hegranes kan du gå inn på Digitaltmuseum.no. Her kan du sjå alle bileta som Kystmuseet har digitalisert.