Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/kystmuseet.jpg

Utleige

Kystmuseet leiger ut kafé og auditorium til arrangement.

Kystmuseet tilbyr lokale til utleige for møter, arrangement, konsertar eller større markeringar som dåp og konfirmasjon. Om du leige lokale med oss får du tilgang på kjøkken og vi har ein god samarbeidsavtale med Bistro to kokker om du ynskjer å bestille mat.

Du kan leige både kaféen og auditoriet vårt. I kaféen er det plass til om lag 50 personar og i auditoriet er det plass til selskap på opp til 70 personar.

For spørsmål om utleige av lokale, ta kontakt med Kystmuseet på e-post ksf@misf.no eller telefon +47 98 26 98 54.

kystmuseet/arrangement-i-kafeen.-foto-martine-bortheim.jpg
Kaféen klar for fest. Foto: Martine Bortheim.