Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Svart- kvitt foto. Svartkledd kvinne med skreppe står midt i bilde med strikketøy.
Publisert 08/03/2023
Av Marie Nicolaisen

Klede og utstyr til fiske, ei av kystkvinna sine viktige (og kanskje gløymde) oppgåver

8. mars er den internasjonale kvinnedagen. Kystmuseet markerer dagen med å trekke fram ei av kystkvinna sine viktige oppgåver: Å utstyre dei som drog på fiske og fangst med klede og anna utstyr.

Mykje av det lokale fiske, og sesongfiske, som Lofotfiske mange frå kysten var med på, gjekk føre seg i opne båtar i haust- og vintermånadane. Det var kaldt og vått arbeid og kleda måtte tole hardt arbeid. Det var ikkje uvanlig at det var bruk for fleire vottar i løpet av ein sessong.

6 menn i ei fiskeskøyte med mykje fisk.
Gode vottar var viktig på fiske og fangst.

Med unntak av fiskehyrer av skinn var det meste av kledene av ull. Fram til mellomkrigstida var det vanlig at det meste av ulltøyet var laga av mødre, søstre, koner og døtre. Sauene skulle klippast og ulla sorterast, kardast, spinnast før det var tid for strikking, veving og syning.

kystmuseet/historiskefoto/sunnfjordkvinne-som-strikkar.jpg.
Kvinne med strikketøy frå Sunnfjord.

Alt dette var kystkvinnene sitt arbeid, og nødvendig for at mennene skulle overleve fiske. Nokre kvinner laga også klede for sal, som var ei viktig inntekt i til hushaldet både for gifte og einslege kvinner. Dette var brukstøy og mykje har difor gått tapt, og har kanskje ikkje fått like mykje merksemd som det finare heilagdagstøyet.

For å gje eit inntrykk av den store produksjonen kvinnene sto for  tek vi med ein oversikt over utrustinga til Lofotfiske på 1800-talet. Ein fiskar skulle ha med seg:  

  • 5-6 innerskjorter av kvit ull

  • 3 natt- trøyer av farga ull

  • 5-6 underbukser i kvit ull

  • 1 jagervest

  • 1 overskjorte

  • 1 trøye i tykk ull

  • 1 trøye i vadmel

  • 1 skinnlue

  • 5 par votter

  • 1 par handlingsvotter

  • 5 par lange strømper

  • 4 par sjøstøvel lester

  • 1 par røyserter (korte skaft)

  • 1 par sjøstøvler (lange skaft)

  • 1 sett søndagsklede

  • 1 pusserronk (busserull) til å ha på bua

  • To Kvitlar (sengetøy) til køya, ein  under og ein over

Kjelde: Sogn og Fjordane i nær fortid.

Gratulere med dagen!