Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet

Besøk Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Om du vil oppleve lukta av gamle båtar og kystkultur er Kystmuseet noko for deg. Her kan oppdage lokale båttypar frå ei svunnen tid og vandre gjennom kystlandskap med historiske sjøbuer og kystlynghei.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg flott plassert i skjergarden eit lite stykke utanfor Florø sentrum. Vi er eit museum som skal løfte fram historia til alle kystkommunane i Sogn og Fjordane - frå Gulen kommune i sør til Stad kommune i nord.

I Florø har vi to arkitektteikna museumsbygg som byr på opplevingar for heile familien. Livet til menneska langs norskekysten har alltid vorte styrt av det havet gav dei. Det er desse historiene du kan oppleve på Kystmuseet. I båthallen vår har vi stor samling lokale båttypar og gjenstandar som fortel om korleis livet var i samspel med ressursane ein kunne hauste frå havet. I Florø-utstillinga kan du oppdage korleis det gode sildefisket klarte å utvikle eit tynt befolka område til å bli Noregs vestlegaste by.

Kystmuseet, Thomas Bickhardt/Bickfoto, 2021.

Utandørs kan du kose deg med kjekke familieaktivitetar på bryggekanten, eller ta turen ut på museumsområdet blant historiske sjøbuer over kystlyngheia. Langs godt tilrettelagde turstiar kan du følgje natur- og kulturløypa vår. Om sommaren kan du i tillegg oppleve nærkontakt med geitene våre som hjelper oss med å halde kulturlandskapet.

kystmuseet/bataldebua/kystmuseet-thomas-bickhardt-bickfoto-(50).jpg.

I kafeen kan du nyte ein kopp kaffi og noko å bite i, medan du lar deg freiste av utvalet i museumsbutikken vår.