Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Bilete som syner ein papirengel av sider frå bok og norske flagg som heng  på eit juletre med lys.

Førjulssøndag på Kystmuseet

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kom og feir første sundag i advent med oss på Kystmuseet!

Vi har pynta til jul og inviterer til juleverkstad i stemningsfulle omgjevnader. Ta turen innom Kystmuseet for eit kreativt avbrekk og ei roleg stund i ei hektisk førjulstid.

Juleverkstad

På juleverkstaden finn du fleire aktivitetar for både store og små. Vi syner deg korleis du forvandlar gamle bøker til englar og stjerner som kan henge på juletreet. Du kan også prøve deg på nålefilting. Dette er ein enkel og morosam aktivitet som passar alle aldersgrupper.

Handverkarane våre er også med denne dagen, og dei hjelper deg trylle fram flott julepynt med spikkekniv og enkle treemne.

Tre små nålefilta figurar i ull med juletema.
Nålefilting er ein enkel og morosam aktivitet for heile familien
Billettar

Vaksne: 110 kr
Pensjonistar/studentar: 80 kr
Barn 0-17 år: Gratis

Museumsbutikk

Manglar du nokre gåver til jul? Museumsbutikken vår vil vere open gjennom heile arrangementet. Her kan du handle julegåvene dine lokalt! Vi har eit variert utval varer, mellom anna strikkepakkar med garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk og eit breitt sortiment bøker og hefter.

Vi gler oss, vel møtt!