Etter ein lang juleferie sparkar vi i gang 2026 med eit fyrig foredrag med Stein Malkenes og programslepp for Kystmuseet sitt vårprogram!
Fyrhistoria - ein viktig del av kysthistoria
Fyr har vore avgjerande for trygg ferdsel langs den værharde vestlandskysten. Eit lyspunkt i mørke og krapp sjø som trygga reisa til den sjøfarande. Denne kvelden vil Stein Malkenes ta oss gjennom fyrhistoria, både nasjonalt og lokalt.
Malkenes er sterkt engasjert fyra i vårt nærområde. Han har lenge vore ein del av frivilligheten som har freista å bevare og skape nytt liv på dei no fråflytta fyra. Vi kan garantere at du reiser opplyst frå museet etter dette føredraget!
Programslepp for våren 2026
I tillegg vil Kystmuseet sleppe vårprogrammet vårt for 2026! Vi kan love framhald av fleire "klassikarar" og noko nytt. Dette blir bra!
Det vert open kafé og mulighet til å slå av ein prat etter programmet.