Adventstida er ei god og lun tid, med mykje lys og mykje varme. Denne museumssøndagen blir det full julestemning og mykje kos på Kystmuseet. Knask litt julekaker og varm deg på gløgg, medan du skapar julemagi på juleverkstaden. Her kan du lage julekort til dei du er glad i, ein knall julegåve eller oppdatere julepynten til juletreet. Kanskje du kan prøva deg på litt spikking eller slindra eit band?
Ein invitasjon med tilbod om graut er også blitt sendt til kystnissen, kanskje han kjem han med?
Velkomen til ein lun og koseleg adventssøndag hos oss!