Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/inger-vederhus.jpg.

Kvinnestemmer gjennom 1000 år med Inger Vederhus

Tidspunkt -
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Velkommen til ei fagleg og perspektivrik markering av 8. mars ved Kystmuseet!

I samband med Historiske dagar inviterer Kystmuseet til årets 8. mars-foredrag! Her løfter vi fram korleis kvinner gjennom ulike historiske periodar har kome til orde – og kva som har forma moglegheitene deira for å delta i offentlegheita. Foredraget tek føre seg kvinnelege røyster frå mellomalderen og fram til i dag, med døme frå både europeisk, norsk og lokal historie.

Foredraget vert halde av Inger Vederhus, dosent/professor ved OsloMet. Ho har lang erfaring innan litteraturhistorie, norskdidaktikk, skriveforsking og retorikk. Vederhus har bidrege til både Nordisk kvinnelitteraturhistorie og Norsk kvinnelitteraturhistorie, og har bakgrunn som journalist og forlagsredaktør. Ho har òg hatt fleire faglege og organisatoriske verv, mellom anna i Noregs Mållag, og har gjennom mange år arbeidd med formidling og forsking knytt til kvinnelege forfattarar og historiske stemmer.

Foredraget gir eit breitt og historisk forankra perspektiv på korleis kvinner har uttrykt seg, blitt høyrde – eller blitt tause – gjennom meir enn tusen år.

Visste du at Inger Vederhus hadde 8.mars-talen i Florø i 1986, for 40 år sidan? Det er berre å ta turen!

Inngang.
Museet er opent frå 12.00 - 15.00

I foredraget vert mellom anna desse perspektiva presenterte

• Ellisiv av Kiev (1043) – ei kvinne i krysspunktet mellom nordisk og europeisk maktpolitikk
• St. Sunniva – kvinneleg helgenfigur og kulttradisjon
• Dorothe Engelbretsdatter – ei av dei første kvinnelege stemmene i
norsk skriftkultur
• Katharina den store – politisk makt, modernisering og myteskaping
• Gustava Kielland og framveksten av kvinneorganisering på 1800 talet
• Kvinneorganisasjonar frå misjonsforeiningar og fråhaldsrørsla til
syklubbar og nyfeminisme – inkludert lokale glimt frå Florø
• Nyare kvinnelege politiske stemmer i dagens samfunn
• Influensarkultur og «intimitetssamfunnet»: skapar det nye rom for
kvinnestemmer, eller nye avgrensingar?

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett

Opningstider

11. februar — 10. juni
Onsdag - fredag 11:00-16:00

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Honnør/student: 110 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Årskort*: 475 kr

Her er vi

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen 25B
6900 Florø