Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Utstoppa sjøfugl innvikla i fiskegarn.

Plast på godt og vondt

Tidspunkt til
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Produksjonen av plast tok av på midten av 1900-talet. Plasten revolusjonerte alt frå måten vi oppbevarer mat på og bilene vi køyrer til kleda vi har på oss. Plast er billig, sterkt og enkelt å forme, bruksområda er nærmast uendelege. Naturlege råmateriale, som kunne vere både tunge og kostbare, kunne nå skiftast ut med syntetiske alternativ. For ein fiskar gav plasten meir effektivt utstyr, meir komfortable arbeidsklede og auka tryggleiken på sjøen. 

I dag har vi auka kunnskap om plast. Plast på avvege i naturen og konsekvensen av eit stadig aukande utslepp av mikroplast ført til at vi stiller spørsmål til den omfattande plastbruken. Kva har eigentleg skjedd på tiåra som har gått sidan plasten for alvor blei ein naturleg del av livet vårt?  

PLAST PÅ GODT OG VONDT inviterer deg til å utforske plasten sin veg frå vedunderprodukt til globalt miljøproblem.  

Om utstillinga

Plast på godt og vondt vart oppført på Kystmuseet i samarbeid med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Utstillinga var opphaveleg eit samarbeid mellom Naturvernforbundet Hordaland og Herdla museum, og opna for publikum på Askøy for fyrste gong juni 2019. Kystmuseet i Sogn og Fjordane overtok utstillinga i februar 2022. Utstillinga heldt da opent i tidsrommet 20.2. til 3.4.2022, og er nå satt opp for andre gong. Denne gong er utstillinga tilgjengeleg frå 11.9.2022 - 31.3.2023.