Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Menn som står i kø for vaksine.

Sjukdommane som endra historia

Tidspunkt til
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Våren 2020 endra verda seg då ein usynleg organisme sette oss ut av spel. Pandemien var - og er - ei ny oppleving for mange av oss, men historisk er det langt frå fyrste gongen ein sjukdom har fått så store konsekvensar for samfunnet.

Pest, kolera og korona

Sjukdommane som endra historia er ei utstilling produsert av Nordfjord Folkemuseum. Utstillinga tar føre seg sjukdommar som pest, koppar, lepra, kolera, spanskesjuka og tuberkulose. I utstillinga får du sjå nokre av tidlegare tiders sjukdom og epidemiar, og korleis desse endra verda vi lever i.

Sjølv om desse sjukdommane er utrydda i Noreg, finst dei framleis mange andre stader. På verdsbasis er det omtrent 1000 tilfelle av pest i året, og koppar vart utrydda så seint som i 1980. Den siste som hadde vore smitta av lepra i Noreg døydde i 2002, men kvart år vert det meldt om fleire titusen tilfelle rundt om i verda.

Gamle tiltak på nytt

Nokre av dei historiske sjukdommane har ført til tiltak som vi ser igjen i dagens smittesituasjon.

Karantene som praksis for å avgrense spreiing av sjukdom kan vi spore attende til svartedauden. Ideen om karantene stammar frå Venezia på 1300-talet. Derfrå spreidde ideen seg til andre hamnebyar i Europa. Ved å halde skip, mannskap og varer i isolasjon, var håpet å hindre smitte. Liggetida var sett til 40 dagar, «quaraintaine».

Den fyrste vaksina, var mot kopper og vart utvikla i 1796, etter at ein britisk landsbylege observerte at budeier ofte fekk kukoppar, men ikkje sjukdommen koppar. I Noreg vart den fyrste koppevaksina sett i 1801, og i 1810 vart koppevaksinering obligatorisk. Utan vaksinasjonsattest kunne du verken bli konfirmert eller gift.

Bruk av munnbind utanfor sjukehus starta under utbrotet av spanskesjuka kring 1920. Rett maskebruk vart formidla i aviser og kvinner vart engasjert i produksjonen på frivillig basis.

Historiske gjenstandar

I utstillinga kan ein sjå koppeattestane til Rasmus Andreas Torsheim frå Breim og Ivar Pedersen frå Tisthammer, begge 1 år gamle.

Uttømming av blod, årelating, var ei sjukdomsbehandling som vart brukt i  mellomalderen, til langt opp mot våre dagar, mot veldig forskjellige sjukdomar. Metoden var knytt til ei medisinsk lære frå antikken som gjekk ut på at væskene i kroppen skulle vere i likevekt. Då ein oppdaga bakteriane vitskapleg på 1800-talet, endra det både sjukdomsforståing og behandling. I utstillinga viser ei rekkje historiske fotografi både pasientar og behandlingsformer tidleg på 1900-talet, og du vil få sjå ulike historiske gjenstandar knytt til sjukdom- og sjukdomsbehandling.

Om utstillinga

Utstillinga er produsert av Nordfjord folkemuseum, der den var open for publikum frå 1. februrar - 22. desember 2022. Når utstillinga nå opnar på Kystmuseet hausten 2023 vil den innehalde gjenstandar innlånt frå Nordfjord folkemuseum og Kystmuseet i Sogn og Fjordane sin eigen samling.

Utstillinga opnar på Kystmuseet sundag 8. oktober 2023, og står til 22. mars 2024.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

16. juni — 18. august
måndag-fredag: kl. 11:00-17:00
laurdag og sundag: kl. 12:00-17:00

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/student: 90 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Årskort*: 390 kr

Her er vi

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen 25B
6900 Florø