Våren er endeleg her og denne laurdagen kan familien oppleve Nilsenslippen slik den var i den tidlege motoralderen med 80 meter drivreim, motordur og maskiner i full drift.
Nilsenslippen vart satt opp på museet sitt område i 1992/93. I løpet av den tida har bygget hatt fleire funksjonar, men det er først no maskinene er i drift og bygget er opent for aktivitetar, læring om moro.
Program:
Full drift på Nilsenslippen: Vi fyrer opp maskinene og varmar opp smia*. Utanfor kan du oppleve den gode leiken i fjæra med ein kaffikopp og noko munngodt.
Herr Nilsen treng hjelp i år også! I år har han klart å låse inn hammaren sin i verktøykista! Hjelp Herr Nilsen med å finne koden og opne kista. Premie til alle små detektivar!
På Jensenbua kan du prøve deg på litt godt gammaldags snikkararbeid og god hjernetrim både for store og små!
Vi er så heldige at Soldalen Besøksgård blir med på Brendøya! Her er det muligheite for ein ridetur, tur med hest og vogn og om vi er heldige kjem kaninene og hønene på besøk også!
I kafeen på Kystmuseet serverer vi blant anna rømmegraut og nydelige sveler til dei som treng å styrke seg på ein slik innhaldsrik dag!
*Påmelding til smia:
I år som i fjor blir det smiing på Nilsenslippen. Dei som vil kan få smi seg ein knagg - om du er heldig har vi framleis råvarer frå Florø sjukehus! I år kan du booke deg tid på førehand. Det er avgrensa kor mange som får prøve så vi anbefaler at du melder deg i god tid! Aldersgrense er 8-100 år. (Om du har fylt 101 og kan svinge ein hammar skal det gå bra).
Meld deg på via facebook, instagram eller send oss ein tekstmelding på 98 26 98 54.
Ledige timar:
11.15-11.45
11.45.-12.15
12.15-12.45
13.15-13-45
13.45-14.15
14.15-14.45

