Endeleg er våren her, og vi inviterar til markering av vårens inntog med ei tidsreise på Nilsenslippen. Det blir ei reise tilbake til den tidlege motoralderen med 80 meter drivreim, motordur og maskiner i full drift.
I løpet av tida Nilsenslippen har stått på museet sitt område har bygget hatt fleire funksjonar, men det er først dei to siste åra at maskinene har vert i drift og bygget opent for publikum. Dette blir altså det tredje året, og det er vel herved tradisjon?
Tradisjon tru vert det ulike aktivitetar og kaffimat ute på Nilsenslippen. Vi kryssar fingrane for godt vær, men hugs å kle deg godt for kunne nyte ein kaffikopp og noko godt utandørs!