Vinterferiedagar på Kystmuseet!
Vi arrangerer vinterferiedagar søndag 16. februar kl.12.00-15:00 og tysdag 18. februar kl. 10:00-15:00. Dette blir fine dagar med mange kjekke aktivitetar og litt ekstra koseleg stemning! Kos dykk med aktivitetane våre eller dra på oppdagingsferd i museet. Det blir også moglegheiter for ein behageleg pustepause innimellom slaga. Kanskje med litt varmt å drikke og noko attåt? Museet er ope tysdag til fredag kl.10:00 til 15:00!
På søndagen er vi så heldige at vi får Flora Husflidslag på besøk, og då blir det veving. På tysdagen kjem ein av våre dyktige museumshandverkarar til å ha drop-in timar på Nilsenslippen. Her kan du få læra deg å smi ein knagg.
Både søndagen og tysdagen kan du prøva deg på å lage ei maske eller eit fastelavnsris. Berre fantasien setter grensene. Det blir også moglegheit til å prøva seg på fiskerebusen og å lete etter haiar i Båtahallen.
Program søndag 16. februar, kl. 12:00-15:00:
Veving med Flora Husflidslag
Laging av fastelavnsris
Maskeverkstad
Program tysdag 18. februar, kl. 10:00-15:00:
Drop-in: smiing av knagg på Nilsenslippen kl.10:00-15:00. NB! Påmelding gjerast ved å enten ta kontakt med museet eller ved oppmøte i resepsjonen på Kystmuseet.
Laging av fastelavnsris
Maskeverkstad
Velkomen!