Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Kystmuseet i vinterlandskap.

Vinterferie på Kystmuseet

Tidspunkt til
Stad Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Ta vinterferien på Kystmuseet!

Tysdag 20. februar og sundag 25. februar inviterer vi til vinterferiedagar på Kystmuseet! Dette vert dagar fylt med kjekke aktivitetar for både store og små. Kystmuseet held ope frå 10-15 og aktivitetane går gjennom heile dagen.

Det vert rebusløype rundt i museet – med premiering! Vi lagar nøkkelringar med ulike type fletteteknikkar. Her kan ein prøve seg på fleire teknikkar med ulik vanskegrad, så dette passar både vaksne og born. Nøkkelringen får du sjølvsagt ta med deg heim. Denne veka kan du også få prøve deg på dei store puslespela våre.

Lær å veve!

Tysdag frå kl.11-13 og sundag frå kl. 12-14 kjem Florø Husflidslag til museet. Dei vil lære deg korleis ein vever på ein enkel vevramme.

Kaféen og museumsbutikken held ope heile dagen, og serverar både wienerpølser, vaflar og noko godt å drikke.

Velkomen til oss!

Billettprisar

Ordinære billettprisar gjeld for arrangementet. Alle aktivitetar er inkludert i prisen.

Vaksne: 120,-
Honnør/student: 90,-
Born (0-17 år): gratis

Barn under 12 år må bli følgt av ein føresett på aktivitetane.

Båthallen er for tida stengd for publikum grunna pågåande renovering av bygget, men du kan framleis sjå utstillinga om Florø by, samt utstillinga "Sjukdommane som endra historia".

Planlegg besøket ditt

Opningstider

16. juni — 18. august
måndag-fredag: kl. 11:00-17:00
laurdag og sundag: kl. 12:00-17:00

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/student: 90 kr
  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Årskort*: 390 kr

Her er vi

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen 25B
6900 Florø