Velkomne til vinterferiedagar på museet!
Vi inviterer til kjekke aktivitetsdagar med ekstra koseleg stemning. Museet held ope som vanleg, og i kafeen kan du få deg ein god pustepause med noko varmt i koppen og litt godt attåt.
Kos dykk med aktivitetane våre eller dra på oppdagingsferd i museet!
Onsdag 18. februar – Forskardag på Kystmuseet
Ver marinebiolog for ein dag! Michael Sars fokuserte på virvellause dyr, kva vil vere din spesialitet som marinebiolog?
Aktivitetar denne dagen:
Lag di eiga forskardagbok
Koderebus med friluftsrådet - bli med å oppdage ulike dyr på museet!
Aktivitetsverkstad
Torsdag 19.februar
Opent museum & sjølvgåande aktivitetar
Fredag 20.februar
Opent museum & sjølvgåande aktivitetar + opning av tursti!
Kl 12.00 vert det offisiell opning av den nye turstien mellom Kystmuseet og Sørstrand. Ordføraren, Bengt Solheim-Olsen, skal klippe snor og det vert kake og kaffi til dei oppmøtte.
Laurdag 21.februar
Stengt
Søndag 22. februar – Museumssøndag
Museet held ope med kafe og kreativ verkstad.
Aktivitetar denne dagen:
Lag ein vindfangar/draumefangar
Aktivitetsverkstad
Velkomne til vinterferiedagar hjå oss!