Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
kystmuseet/78---piksel_batar_og_leik_msf_01756_foto_henning_a.__hellebust-1724357221.jpg.
Museumsbesøk for skule og barnehage

Ta med elevar og barnehageborn ut på nye museumseventyr! På Kystmuseet finst spennande kulturopplevingar og lærdom som berre ventar på å utforskast.

Pedagogiske tilbod for skule og barnehage

Vi ynskjer alt frå barnehage til høgare utdanning velkomen til Kystmuseet i Sogn og Fjordane! Hos oss finst det fleire spennande tilbod, tilpassa ulike alderstrinn. Museumsbesøk gjev elevane opplevingar i fysiske miljø som heng saman med læringsinnhaldet. Dei får bruke alle sansane sine og prøve ulike praktiske øvingar. Tilboda er utarbeida av vår museumspedagog. Dei tek utgangspunkt i skulen sine læreplanar og kompetansemål.

Tilboda er gratis å nytte.

Utforsk og bestill

Trykk på knappane nedanfor, og dei vil føre deg direkte inn til informasjonsida for formidlingsopplegga. Vi har no bytet plattform frå Museumslosen til DigitaltMuseum Skole, og det er også dit dei knappane fører deg. På DigitaltMuseum Skole kan du utforske dei ulike oppleggene vi tilbyr og fylle ut bestillingsskjema for opplegget du ønskjer. Her får du også oversikt over trinn, fag, kompetansemål og andre ting du treng å vite for å planlegge.

Viktig: Tilboda våre er under utvikling, og endringar kan derfor skje. Nye tilbod kjem til, medan andre går ut.