Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Inngangspartiet til Sogn kunstsenter, Norsk villakssenter og Laksen bakeri.

Om museumstilbodet

Vi held til på eksotiske Lærdalsøyri, saman med Nasjonalt Villakssenter og Laksen bakeri & kafé. Du kan oppdage kunsten til Hans Gjesme og andre uventa utstillingar – med alt frå samtidskunst til eldre kunst.

Lærdal sin eigen kunstnar, Hans Gjesme (1904-1994), donerte i 1994 ei omfangsrik samling kunstverk til kommunen. Kunsten trengte husly, og bygda reiste eit kunstsenter. Her kan du oppleve utstillingar med Gjesme og andre.

Litt om Hans Gjesme

Gjesme synte tidleg talent og som sekstenåring dro han til Kristiania for å gå i lære hos kunstlærar Pola Gauguin. I 1925 reiste Gjesme på studietur til Paris, gjekk i galleri og studerte hos den anerkjende kunstnaren André Lhote. 

I Sogn kunstsenter får du kanskje sjå eitt av Gjesme sine mange måleri med landskap eller folk i Lærdal som motiv. Han arbeidde stort sett figurativt og skildra røynda på og attkjenneleg vis, men han skreiv i ei skissebok at «Å måla er å skapa, ikkje å studera», så han var klar over sin kunstnarlege fridom. Han prøvde ut ulike målemåtar og etter kvart vart penselstroka større, villare og meir uttrykksfulle. Han skreiv: «Det er ikkje slik som det ser ut, men slik som du upplever det». Han ønskte å få fram meir enn det han såg. I heile kunstnarskapet skildra han det særskilde landskapet med bratte fjellsider tett på bygda, under ulike lysforhold og årstider. Best likte Gjesme våren med dei syregrøne fargane og kontrastane mellom det skarpe lyset og dei mørke fjellsidene. I dei fargesterke og karakteristiske portretta forsøkte han å «Måla sjeli i motivet». I utstillingane vil du òg kunne sjå nokre av teikningane hans. Frå tidleg alder teikna han både folk, landskap, hus og ting, og i studietida gjekk det mykje i akt.

To kvinner ser på kunst.
Frå utstillinga Gal og genial? med verk skapt av Hans Gjesme på Gaustad sjukehus frå 1955 til 1971.

Gjesme fekk etterkvart psykiske problem og vart lagt inn på Gaustad sjukehus i Oslo i 1955 med diagnosen paranoid schizofreni. I dei gode periodane ved sjukehuset både måla og teikna han, og vitja kunstutstillingar i byen. Motiva frå denne tida skildrar det særmerka sjukehusanlegget, natur og landskap, medpasientar, psyke og einsemd. Etter heimkomsten til Lærdal i 1971 fekk Gjesme stadig besøk av kunstnarkollegaer, journalistar og kunsthistorikarar som ville sjå samlinga hans. Endeleg kjende han at arbeida hans vart verdsett.

Nasjonalt Villakssenter på same billett!

I Nasjonalt Villakssenter kan du følgje laksen gjennom oppveksten i elva, vandringa ut i storhavet, tilbake inn fjorden og opp fødeelva til han møter fossen der han ikkje kjem lengre.

Kva møter han på sin veg? Kva har laksen betydd for oss? Korleis står det til? Korleis påverkar mennesket livet hans før og no? Korleis ser framtida ut

Villakssenteret tek i bruk film, lyd, store projiseringar og bilde. For dei som vil ha meir informasjon har senteret interaktive skjermar. Det er quizar og utfordringar for små og store. Du kan gjere det heile på 20 min eller bruke heile dagen.

Publikum i Nasjonalt Villakssenter.
Frå nyopninga av Nasjonalt Villakssenter i 2023

Laksen bakeri og kafé

Bakeriet ligg i same hus som Sogn Kunstsenter og Nasjonalt Villakssenter. Her finn du eit rikt utval av nybakte varer basert på lokale råvarer med lokal og internasjonal smak. Dei tilbyr "Grab & Run" -teneste, "take away" pizza, innandørs- og uteservering.

Kafeinteriør.
Kaféen er dekorert med fotografi av laksefiske og reproduksjonar av Hans Gjesme måleri