Velkommen til fine haustferiedagar for heile familien på Vågsberget! Det vert kjekke aktivitetar for store og små, og i kafeen planlegg vi ein meny etter sesongens råvarer.
Ull på programmet
Hausten er over oss og den årvisse gleda over god og varm ull kryp inn i tankane våre. Denne haustferien vil vi heidre ulla gjennom fleire ullrelaterte aktivitetar. Du kan blant anna bli kreativ med nålfilting, eller la roa senke seg med eit spøt og den gode praten over ein kaffikopp med litt munngodt.
I kafeen pønskar vi på deilig tradisjonsbakst der vi kan løfte fram dei gode råvarene vi har no på hausten. Vi kan i alle fall garantere for natronkaker og eplekake!
Praktisk info
Opningstidete vert torsdag til søndag 12.00-17.00
Det er gratis for born å delta på alle aktivitetane våre, men vi ynskjer at den vaksne som følgjer borna løyser museumsbillett.
