Vågsberget Vågsberget
vaagsberget/gruppe-besoker-vagsberget_msf_03316_27698781.jpg.

Sesongopning med sild og song på Vågsberget

Tidspunkt -
Stad Vågsberget

Bli med på sesongopning på Vågsberget med tradisjonsrik sild og potet på tallerkenen og muntre tonar frå trekkspel den 19. juni!

I år ynskjer vi å gjere ekstra stas på sesongstarten vår med både mat- og musikkopplevingar (og ein liten omvising så klart). Arrangementet er eit samarbeid mellom oss, Kystkulturlaget i Vågsøy og Lev Vel -kultur for helsa (Kinn kommune)

På menyen blir det sild og potet - traust og tradisjonsrikt! Det er Kystkulturlaget i Vågsøy som har tørka silda vi serverer.

Undeholdninga vert levande musikk på trekkspel med Jorunn Bakke Nydal (musikkterapeut i Kinn kommune) og allsong. Om det kriblar i dansefoten er det høve til å ta seg ein svingom!

Til slutt vil museumsleiar, Annette Holme, tilby omvising i Nordfjordbåtutstillinga som står i driftsbygningen.

Gratis inngang

vaagsberget/img_7131.jpeg.
Ujålete tallerken med sild og potet.
vaagsberget/levvel.jpg.