Vågsberget Vågsberget
vaagsberget/003ret.jpg.

Utstilling: På jakt etter pigghåen

Tidspunkt til
Stad Vågsberget

Årets utstilling på Vågsberget om pigghåeventyret i Ytre Nordfjord

På midten av 1900-talet gjekk pigghåen frå å vere ein ufisk ein ikkje ønskte i fangsten, til kilda til eit stort fiskeeventyr i Ytre Nordfjord som nådde ei høgde lik lofotfiske!

Medan det ikkje var vanleg å ete pigghåen på vestlandet, vart den frakta til austlandet, Tyskland, og spesielt til mottak på Shetland då mottaka her var nærmast. Måløy og Lerwick er vennskapsbyer og har lenge hatt nære forbindelsar. Her kunne norske fiskarar komme i land, kjøpe proviant og suvenirar, sosialisere med kvarandre, med lokalbefolkninga, og med familie og venar heime via telefon.

Pigghåfiske haldt fram til ut på 80-talet, og hai-arten vart overfiska, raudelista og har no byrja å byggje seg opp at. Opplev pigghåeventyret i si storheitstid gjennom foto av Åsgeir Valldal, som fotograferte fisketoktet frå Måløy til Shetland i mai 1958.

Utstillinga vert tilgjengeleg heile somarsesongen i våre opningstider: torsdag til søndag kl 12:00-17:00

Planlegg besøket ditt

Opningstider

18. juni — 16. august

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Student/honnør: 100
  • Gruppe (min. 15 pers): Ta kontakt for pris

Her er vi

Vågsberget
Vågsberget 5
6700 Måløy