Astruptunet Astruptunet
astruptunet/astruptunet-2024_msf_03958_36686879.jpg.

Haustdagar på Astruptunet

Tidspunkt til
Stad Astruptunet

Velkomne til Astruptunet i haustferien

Haustferien nærmar seg, og det gjere VM i vektløfting Forde2025 også!
Hagen og tunet har kledd på seg haustdrakta, men ein kan framleis vandre på stiane og oppleve den unike heimen som Engel og Nikolai Astrup skapte saman.

I haustferien vil det vere mogleg å vere med på omvising husa kombinert med eit koseleg svelestopp i kafèen vår. Om ein har lyst til å teikne eller gjere noko kreativt, er ein velkomen inn i Bestastova, både små og store.
I galleriet førebur vi ei ny utstilling, men vi kjem til å syne nokre orginalverk av Nikolai med hausttema denne veka.

Vi held ope følgande dagar i veke 41:

Tirsdag 07. oktober: kl 10.30 - 16.00

Onsdag 08. oktober: kl 10.30 - 16.00

Torsdag 09. oktober: kl 10.30 - 16.00

Fredag 10.oktober: kl 10.30 - 16.00

Tidspunkt for omvising desse dagane: kl. 11.00 og kl. 13.30

Smakar frå hagen laurdag 11.oktober
Denne laurdagen inviterer vi til to bordsete, kor ein får ete eit godt og haustleg måltid saman.
Ved bordet fortel vi små forteljingar frå livet i tunet og utdrag frå Nikolai Astrup sine eigne ord om hage- og planteglede.

Eigne billettar og førehandssal:

Smakar frå hagen kl.12.30-14.30
Smakar frå hagen kl.15.00-17.00

astruptunet/framside-smak-fra-hagen.png.
BILLETTINFO

Det er fri inngang til tunet, men ein løyser billett om ein ønskjer å vere med på omvising i husa.
Eigne billettar til arrangement laurdag 11. oktober.