Holvikejekta
Bakstavnen på ei jekt, brun, kvit og grøn-malt med to smårutete vindauge og ei kompassrose på kvar side.

Kven er vi?

Her finn du informasjon om Holvikejekta, Nordfjord Folkemuseum og Musea i Sogn og Fjordane.

Holvikejekta

Holvikejekta er Nordfjord Folkemuseum sin største og mest unike gjenstand, og var første gjenstanden i museet si samling når Nordfjord vart skipa av Nordfjord Sogelag i 1915.

Ei jekt er ei brei, lita seglskute som har ei mast med råsegl og er utan fast dekk. Den har høg stamn og tverr akterende, ofte med eitt rom med eitt eller to glas.

Holvikejekta var bygd i 1881 i Krånafjøra på Sandane av brørne Jakob og Andreas Apalset. Smedarbeidet blei gjort av Elias Andenes. Jekta er 20 meter lang og 8,6 meter brei. Masta var 26,5 meter lang og storselg-råa 14 meter lang.

Verne- og formidlingsbygget ligg der Holvikejekta vart sett på land på Øyrane i 1906, og etter 117 år med stillstand vart Holvikejekta flytt og arbeidet med grunnforholda kunne starte hausten 2023.

Nordfjord Folkemuseum

Nordfjord Folkemuseum er eit distriktsmuseum for Nordfjord, og ligg på Sandane i Gloppen kommune. Museet vart skipa i 1915, og opna for publikum i 1920.

På Nordfjord Folkemuseum kan du få eit innblikk i regionen si historie. I friluftsmuseet står det 44 antikvariske bygningar, fleire av bygningane er innreidde og viser livet i regionen frå 1500-talet og fram til 1960-talet. Alle bygningane er henta frå bygder rundt om i Nordfjord.

Innandørs er det faste og skiftande kulturhistoriske utstillingar. Museet har over 20 000 gjenstandar i magasina sine, og har alltid ei eller fleire aktuelle utstillingar oppe. Det er også ein liten kafe og museumsbutikk i hovudbygget.

nordfjord-folkemuseum/img_6284.jpg.
Holvikejekta og Nordfjord Folkemuseum har same inngongsbillet, så du får to museum for prisen av ett! Husk å registrer billett ved ankomst på museet.

Musea i Sogn og Fjordane

I 2009 vart Nordfjord Folkemuseum ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF) som er det konsoliderte museet for Sogn og Fjordane. Eigarstyret til Nordfjord Folkemuseum har overdrege det faglige, administrative og økonomiske ansvaret til det konsoliderte museet. Verksemda vert framleis finansiert gjennom statlege, fylkeskommunale og kommunale tilskot, samt eigne inntekter.

Byggeprosjektet

Arbeidet med eit verne- og formidlingsbygg har pågått sidan 2013. Frå 2018 til 2020 utarbeidde museet tilstands- og tiltaksrapport, prospekt og byggteknisk rapport. I 2021 vart prosjektet fullfinansiert og i 2024 starta bygginga. Budsjettet er på kring 40 mill. kr og er ei tredelt finansiering mellom stat, fylke og kommune. I tillegg har ein folkeaksjon gjeve verdifulle bidrag.

Arkitekten bak bygget er Ola Sendstad, entreprenør er Veidekke, og Øyvind Tåsåsen frå Musea i Sogn og Fjordane er prosjektleiar.