Det reiser seg eit bygg
I desse dagar bygger Musea i Sogn og Fjordane eit verne- og formidlingsbygg til Holvikejekta. Etter over 100 år på land skal ho få eit ordentleg hus, skriv museumsleiar Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum. Artikkelen sto først på trykk i "Jul i Nordfjord".
Holvikejekta er ei av dei mange store klinkbygde jektene som gjekk med varer mellom fjord og kyst, bygd og by. Og den einaste originale som er igjen i Noreg.
Holvikejekta har stått på land ved Gloppefjorden sidan 1906. Før den tid stod ho der berre i vinteropplag. I sommarhalvåret hadde ho tre til fire turar til Bergen, med varer som eigarane skulle selje der. Varene var i vårt område først og fremst ved, men også trematerial, lindetau og tønneband, dreia og lagga kjerald.
Kundane var vedhandlarar og kjøpmenn, skular, handverkarar og privatpersonar. På byturane var regelen kontant handel, og ofte kjøpte bøndene med seg korn, salt, kaffi, sukker, alkohol, tobakk og andre «byvarer» tilbake. På lokale marknader var bytehandel vanleg. Ved mot fisk, og korn mot kjerald, til dømes.
Lange tradisjonar
Allereie tidleg på 1600-talet vart det bygd jekter i Gloppen. Holvikejekta er også bygd her, men mykje seinare, i 1881. Byggemåten er likevel den same som på 1600-talet: Klinkbygging, som tyder at bordgangane er klinka saman i ein saum av spikar og metallplater. Innveden er deretter sett inn og festa til huda med trenaglar.
Eit arbeidslag på ni mann brukte om lag ti veker på å bygge Holvikejekta, og arbeidet vart leia av brørne Jakob (1840–1912) og Andreas (1846–1913) Apalset. Jekta skulle romme 150 famnar ved, og til det måtte ho være 20 meter lang og 8,6 meter brei. Masta var 27,5 meter høg og råa 14 meter. Seglet, som var raudt og sydd i Bergen, hadde ei flatevidd på 270 m2.
Å få bygd Holvikejekta kosta 3200 kroner. Med segl og rigg gjekk det 600 kroner til. Som tradisjonen var i Nordfjord, vart jekta finansiert, bygd og brukt som ei sameige mellom fleire gardsbruk. Eigarane av Holvikejekta var Abrahamsbruket i Holvika, Jens-Olabruket på Austrheim, Martinbruket på Andenes og Røssbruket på Eide.
Mest alle gardar hadde part i ei jekt, og dei førte varene sjølve. Det karakteristiske med jektehandelen her var at ein tente pengar på varene, ikkje at ein frakta. Berre jekteskipparen, «styremannen» som han vart kalla, var leigd inn for kvar tur.
Vedjektene i Nordfjord var noko større enn dei i Sunnfjord og Sogn, og Holvikejekta skal ha vore den største. Kanskje ho måtte vere så stor sidan ho vart bygd så seint som i 1881 – i ei tid då dampbåtane byrja å gjere seg gjeldane som raskaregåande konkurrentar.
Ny epoke i vente
Jektene klarte seg ei stund, for dei kunne ta mengdevarer som dampbåtane ikkje kunne frakte i same volum. Men det vart etter kvart færre og færre jekter i drift. Nokre vart bygd om og fekk motor, andre vart hogde opp.
I 1907 ville eigarane selje Holvikejekta, då dei ikkje lenger hadde høve til å vere med sjølve og det var vanskeleg å skaffe folk. Same året vart det teke initiativ til å skipe eit sogelag for Nordfjord og allereie på fyrste styremøte var kjøp av Holvikejekta ei eiga sak. Kjøpet vart realisert i 1909 og laget betalte 200 kroner for jekta. Først tre år seinare hadde laget råd til naustet, som kosta dei 400 kroner. Tomta jektenaustet stod på vart skilt ut frå garden Austrheim, slik at Gloppen kommune kunne kjøpe tomta. Då Nordfjord Folkemuseum vart skipa i 1915, fekk museet både jekta og tomta.
Etter 117 år med stillstand, fekk Holvikejekta bevegd seg igjen. 4. oktober 2023 vart ho ikkje flytt av 50 mann, som tradisjonen sa, men ein bergingsbil med wire, og eit arbeidslag på seks frå Hardanger fartøyvernsenter. Ei storhending i bygda var det likevel i moderne tid også, med tilskodarar både på plassen og via skjerm.
Grunnundersøkingar hausten 2023 viste at det var ustabile grunnforhold på tomta. Løysinga vart å forbelaste tomta. Plasseringa av bygget måtte også trekkast nokre meter opp frå dei mest ustabile områda i strandsona, men ikkje så mykje at det fekk særlege konsekvensar for prosjektet.
1400 kvadratmeter vart dekt med til saman 5000 tonn masse som låg i to månader. Føremålet var å provosere fram setningar, altså presse underlaget, slik at det stabiliserte seg. Dette vart kvar veke kontrollert med totalstasjon, som målte med millimeterpresisjon kor mykje underlaget satt seg. Resultatet var 31 millimeter, noko som var godt innanfor kravet, og massa vart køyrd vekk.
13. mai 2024 kom igangsettingløyvet frå kommunen, og arbeidet kunne starte. Veidekke er entreprenør, Ola Sendstad arkitekt, og Øyvind Tåsåsen er prosjektleiar frå Musea i Sogn og Fjordane.
I juni tok grunnmuren form, og ein intensiv periode med betongarbeid starta. I august reiste trekjernen seg, med trapp og heis, som eit tårn ute på Øyrane. Då vi skreiv oktober, var tak og veggar på plass.
Eg tenkjer på kor mange som har jobba for å ta vare på jekta, bokstaveleg talt i over 100 år. No skjer det.
Anne Kristin Moe (f.1980) er kulturhistorikar og museumsleiar ved Nordfjord Folkemuseum og Holvikejekta. Ho har arbeidd med Holvikejekta-prosjektet sidan 2016.