Holvikejekta
Bakstavnen på ei jekt, brun, kvit og grøn-malt med to smårutete vindauge og ei kompassrose på kvar side.

Holvikejekta - Ei arkitektonisk oppleving

Arkitekt Ola Sendstad står bak teikningane og planane bak det nye verne- og formidlingsbygget til Holvikejekta. Til Jul i Nordfjord, juleheftet Nordfjord Folkemuseum gjev ut, så skreiv Sendstad ein artikkel om arbeidet og tankane bak prosjektet. Denne kan du lese her.

Eg hugsar godt mi første oppleving av Holvikejekta. Eg kom til Sandane i 2018 for å starte skisseprosjektet til nytt verne- og formidlingsbygg. Eg fekk komma inn i det enkle overbygget og heilt inntil. Det er ein brei båt. Frå kjølen buar skroget bratt utover og dannar eit rom over meg. Eg tek i skroget. Med fingrane kjenner eg korleis naglane held treborda på plass. Eg kjenner korleis det må vera å hamra dei inn i treverket. Naglane sit i ein jamn rytme. Borda linjer opp og følgjer skrogforma, langsetter og oppover. Dei er mørke og gylne av gammal tjære. Blikket blir leidd opp til stamnen som stig over meg. Når eg kjem meg opp over ripa ser eg det enorme volumet forma inneheld. Rasjonelt designa for å romma mest mogleg last, kan eg tenkja, men tanken forsvinn i opplevinga.

holvikejekta/bilde-3_sendstad_ola-ved-jekta.jpg.
Arkitektens første møte med jekta i 2018. Foto: Privat

Ved sidan av arbeidet som arkitekt driv eg eit lite sagbruk for nisje- og kvalitetsmateriale. Eg har ofte designstudentar med i skogen og på sagbruket, for å formidle korleis koplingar mellom materiale, produksjon og byggeri, gir kulturen som vi formar omgivnadene våre av og i. Holvikejekta er i seg sjølv eigna slik innsikt, og med sine ulike samtidige trekonstruksjonar og -overflater ser eg også bygget inn i ein slik samanheng. Kunnskapen, innsatsen og ressursbruken i kulturen som var, blir opplevd i jekta. Ho er stor, robust, nøktern og vakker. Holvikejekta er eit leiebilete for bygget hennar.

Det er takksamt å arbeida med verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. Jekta er eit musealt objekt som må bevarast, men i dette tilfellet passar grunnen, det unike og originale, særs godt med det som treffer oss her og no - forma, materialkvalitetane og detaljane. Holvikejekta formidlar seg sjølv. Vi må berre la henne gjera det.

Tilgjengeleg

Det gamle vernebygget var mest eit tak med nettingvegger, med lite plass til formidling. Eg fekk klatra meg inn for å oppleva jekta på nært hald. Overbygget redda jekta i mange år, men for framtida må jekta vernast meir mot varierande temperatur, fukt og sollys. For formidlinga har det vore eit mål å la folk få den arkitektoniske opplevinga av å komma nær nok til å kjenna detaljane, men også gi plass nok til å verkeleg sjå forma, storleiken og linjene. Nettopp fordi jekta finst, er bevart, kan vi verkeleg oppleva henne og ikkje berre formidla historia rundt.

Som arkitekt prøver eg å føresjå korleis eit bygg til Holvikejekta kan opplevast, fungera og byggjast, av store visjonar og avgrensa budsjett. Det er eit tett samarbeid med museet som har utvikla prosjektet over tid og gjennom å gradvis inkludere fleire fag, som byggingeniør, fartøyvern, brannkonsulent, entreprenør og lysdesignar. I 2022 var finansiering endeleg på plass, og no reiser bygget seg.

Det er noko fint med at jekta blir liggjande der, og slik, ho siste gong vart trekt i land, på Øyrane. Nybygget utnyttar kvalitetane i nærleik til fjorden, utsikt og sørhalling. Samstundes er bygget sin hovudfunksjon å verna jekta mot nettopp sollys, vêr og springflod. Dette har bidrege til organiseringa av bygget, med ein stor jektehall mot nord og service- og utstillingsareal mot fjorden i sør.

Utforming

Utvendig er det eit langt bygg vinkelrett på fjordkanten. Langsidene er i stor grad tette, medan det er store flater med vindauge i begge gavlane, mot tilkomeretninga og mot fjorden. Besøkande kan skimta jekta gjennom vindauga når dei kjem. Akterenden på jekta vil vere opplyst utanom opningstid. Denne fasaden skrånar og leiar besøkande til inngangen heilt nede ved vatnet og ei ny tilkomstbryggje. Frå inngangen går ein rett på resepsjonen gjennom eit inntrekt vindfang.

holvikejekta/utklipp-illustrasjon-1.jpg.

Bygget er utforma for å kunna ha berre ein tilsett på jobb. På den eine sida av resepsjonen er det garderobe og skjerma sitteplassar langs den sørvende flata med vindauge ut mot fjorden. På den andre sida opnar rommet seg direkte mot den imponerande stamnen til Holvikejekta. I tillegg til himmellyset frå nord får det høge pulttaket slepelys frå eit langsgåande vindaugsband. Jekta står fritt i hallen på same golvflate som dei besøkande. Du blir med ein gong trekt mot det store skroget. Jekta skal ikkje lenger opplevast som innpakka.

holvikejekta/illustrasjoner5.jpg.

Bygningsforma er stram, mot den organiske forma på skroget, der besøkande kan gå heilt inntil, under, langs og rundt. Taktil nærleik til treverket, tjæra, naglane og handverksutføringa er med. Planløysinga leier besøkande først inntil og rundt jekta. Deretter fortset runda oppover ei rampe langs ytterveggen. Jekta er sidestilt i hallen slik at ein frå den eine langsida har nok plass til å sjå heile forma, før rampa på den andre langsida tek deg heilt inntil i høgde med ripa. Her har du første sjanse til å sjå ned i jekta og her opplever ein best den karakteristiske breidda hennar. Rampa langs den skrå fasaden gir variasjon i den visuelle opplevinga av jekta, samstundes som den på ein effektiv måte gir nok lengde til å oppnå ønska høgde.

Illustrasjon av Holvikejekta i eit rom med mezzanin rundt og høgt skråtak.

Rampa endar i ein mesaninetasje i den sørlege delen av bygget. Frå mesaninen ser du rett på stamnen og får best oppleving av den fulle lengda av jekta. Bakover på mesaninen er det utstillingsareal for tre tradisjonsbåtar: femkeipingen Fitjekyrkjebåten, firkeipingen Ryssdalskyrkjebåten og Sandefæringen. Vi ser dei i samanheng med utforminga, materiala og handverket i jekta.

holvikejekta/illustrasjoner8.jpg.

Ei kjerne i massivtre stivar av den store jektehallen av limtrerammer. I kjernen er tekniske funksjonar i tillegg til trapp og heis, som kan ta deg ned på grunnplan eller opp til eit tredje nivå. Det tredje nivået er eit smalt galleri som går i heile lengda av bygget. Galleriet gir fullt overblikk over jekta og dei andre utstilte båtane. Herifrå får du også utsyn over fjorden og Sandane sentrum.

På yttersida vil veggane bli kledd i brent furukledning, ein tradisjonell teknikk for å bevare treet utan anna overflatebehandling. På avstand understrekar den mørke kledninga den stramme forma, medan den nært inntil gir stor variasjon og uttrykkjer trekvaliteten. På innsida er det lyse trematerialar i bygget, mot den mørke patinerte jekta. Limtrerammene er synlege, og eg vil seie storslåtte, med lys bjørkepanel mellom seg. Golvet i hovudetasjen er slipt betong. Kjernen, mesaninen, rampe, galleri og gavlvegg mot nord er i massivtre. Denne siste gavlveggen vil heisast på plass og låse konstruksjonen etter at vi har trilla jekta trygt inn. Ho vil endeleg stå på trestykke på betongen, medan forma, som før var halde på plass av ein skog av skråstøttar, vil henga i stålwire frå limtredragarane i taket. Slik vil vi få kome heilt inntil og følgja forma til jekta.

holvikejekta/illustrasjoner4.jpg.

I det heile skal verne- og formidlingsbygget vere enkelt i uttrykket – der Holvikejekta alltid er i sentrum – men også ha arkitektoniske kvalitetar, som er jekta og opplevinga av henne verdig. Eg meiner vi er på god veg no.

Når vi blir ferdige vil landskapet utvendig møta fjorden og fjøra som ei skrånande naturleg strandeng - ei naturrestaurering som eg tykkjer passar prosjektet godt. Mot fjorden blir bygget verna og forankra av natursteinsmurar. Vinkelrett på inngangen vil det vera ei brei tilkomstbryggje, løfta over strandenga på pålar. Til sommaren og inn i framtida vil vi frå denne bryggja få kome inn til den nye opplevinga av jekta.

Ola Sendstad (f.1986) frå Stavsjø på Ringsaker er arkitekt. Han arbeider med stadutvikling, bygningsprosjektering og utstillingar. Frå 2022 er han stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Denne teksten vart første gong publisert i Jul i Nordfjord 2024. Juleheftet kan du kjøpe i museumsbutikken på Nordfjord Folkemuseum.