Vel møtt til Holvikejekta!
Endeleg kan vi invitere til opning av nytt verne og formidlingsbygg for Holvikejekta, den første gjenstanden Nordfjord Folkemuseum hadde i si samling. Jekta har stått på land, utsett for ver og vind sidan 1906, no har ho fått seg ein skikkeleg heim. Arrangementa er gratis, men du vil trenge billett, grunna servering. PÅMELDING ER DESSVERRE FULL FOR BEGGE ARRANGEMENTA, TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR TINGA BILLETT!
1200 - 13.15 Offisiell opning
Vel møtt til høgtideleg opning av Holvikejekta sitt verne- og formidlingsbygg!
Sigrid Moldestad opptrer, Austrheim Mannskor og Stardalen Mannskor løftar taket, Ove Eide framfører tekst, det blir talar og helsingar og fylkesordførar Jon Askeland skal stå for den offisielle opninga. Kulturminister Lubna Jaffery måtte melde avbod, etter at ho har blitt kalla inn til Stortinget denne dagen.

1315 – 1500 Folkefest
I ånda etter sjøsettinga av Holvikejekta i 1881, inviterer vi til utandørs fest.
Gloppen janitsjar skaper høgtideleg stemning
Sigrid Moldestad opptrer frå utescenen
Elevar frå Firda Vidaregåande skule dansar
Ove Eide og Anne Kristin Moe fortel om jekta og jektefart
Servering av lokale freistingar av Fjellestad gardskjøken og Kandal ysteri og gardsmat

Bygget opnar for alle som vil etter opningsarrangementet klokka 13. Blir det mykje folk - noko vi håpar - må vi sende folk inn i puljer, så det ikkje blir for fullt. Påmeldingslista er dessverre fullteikna.
Parkering
Det vil vere parkeringsvakter på Utstillingsplassen. Ver venleg å følgje deira direksjonar. Det kan bli trangt om plassen - vurder om du kan parkere ein anna stad og gå det siste stykket.

Med atterhald om endringar.