Holvikejekta held ope i påskeveka, frå måndag 30. mars til onsdag 1. april, frå kl. 11.00-15.00.
Opplev Holvikejekta, lær om jektehistoria vår og om båtbyggartradisjonane vi har i Nordfjord.
Kombiner besøket med ein tur på Nordfjord Folkemuseum, som er ope med påskepyntstasjonar og påskekrim. Det er felles billett på Holvikejekta og Nordfjord Folkemuseum - så her får du to museum til prisen av ett. Ekte påskekupp!