Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/sogn-og-fjordane-kunstmuseum,-thomas-bickhardt-bickfoto(25).jpg

Skule og barnehage kjem gratis inn

Klassebesøk til kunstmuseet?

Vi har båe ferdig opplegg og høve til å formstøype undervisinga til di klasse.

Vi ønskjer alt frå bornehage til høgskule velkomen til kunstmuseet. Elevane kan være delaktige i undervisinga, enten gjennom dialog eller praktiske oppgåver.

Formidlinga søker å koble seg til dei ulike faga. Her har vi ferdige opplegg på Museumslosen. Vi kan òg samarbeide med lærar om å gje det mest relevante tilbodet i høve til læreplan og årsplan eller vekeplan. Formidlinga blir då tilpassa utstillinga, skuletrinn og fag. Formstøypt undervising heiter Open omvisingMuseumslosen. All tinging går gjennom Museumslosen.

Besøk frå skule og barnehage er alltid gratis

Utstillingar kan òg bli formidla utan ein tilsett tilstade. Disse omvisningane treng ikkje tinging, men må bli gjennomført i museet si opningstid tysdag-sundag kl. 11-16. Sei ifrå i resepsjonen når de kjem at de skal ha eige omvising.

I tillegg kan vi tilby formidling på både norsk og engelsk med morsmålstalar. Somme tidar har vi òg høve til å halde omvising på spansk med morsmålstalar. Om det er behov for tolk eller liknande kan dette bli avtalt nærare av museumspedagog og NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. Spør om språk i tinginga di!

Før besøket

Ting undervisinga di mellom kl. 08-1630 på Museumslosen.

Det er rullestoltilgang på heile bygget.

Undervising tek omlag tre kvarter til ei klokketime. Med verkstadbesøk tek undervising omkring halvannan til to timar.

Det er høve å spise matpakke i undervisingsrommet. Mat og drikke er ikkje tillete i utstillingssalane.

Under besøket

Omvisar møtar dykk innanfor inngangen.

Det er lov å ta bilete utan blits til eige bruk.

Lærar må vere tilstade heile undervisinga og er ansvarleg for klassa.

Møt opp i god tid før omvisning, så de får tid til å hengje frå dykk og gå på toalettet. Vi har låsbare boksar og jakkestativ. Sekkar kan vere på undervisingsrommet.

Etter besøket

De er velkomne til å gå rundt på eige hand både før og etter undervisinga (før kl. 16).

Det er viktig å ta hensyn til andre besøkande eller grupper som har omvising.

Spørsmål?

Skriv andre behov eller spørsmål i tinginga på Museumslosen, så hjelper vi dykk.

Kven møter de?

kunstmuseet/sogn-og-fjordane-kunstmuseum,-thomas-bickhardt-bickfoto(42)-1662111934.jpg
Inghild ønskjer dykk velkomen i resepsjonen. Foto: Bickfoto, 2021.
Museumspedagog underviser skuleborn.
Kathrine tek dykk med i utstillingar og formidlar. Foto: Bickfoto, 2021.
kunstmuseet/dei_ekstraordinære/22-02-03_12-05_dei-ekstraordinaere-2.jpg
Ingrid både kuraterar utstillingar og held omvising. Foto: MiSF/Hellebust, 2022.