Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/nettp1040374.JPG.
Publisert 23/02/2023

Formidling som grunnlag for forsking

Elevar frå kunst, design og arkitektur (KDA) ved Hafstad VGS deltok i formidlingsprosjektet Attspegling, hausten 2022 i samband med skeiv kulturår. Klassen kuraterte og formidla førehandsutplukka verk frå samlinga i Høgsalen over to veker, samt marknadsførte og planla opningsarrangementet.

Prosjektet

Elevane fekk innblikk i kunstmuseet sin verkstad, kontorene, utstillingssalane og ikkje minst magasinet der kunstverka held til. Magasinet var stas, da området er førehalden museumstilsette. Elevane lærde om dei ulike krava til eit magasin for bevaring av kunstverk. Inntrykket prosjektleiar sit igjen med er at samtlege elevar har økt forståinga kring skeive tema, museumspraksis og arbeidsmetode.

Arbeidsøkt 1 – 25. oktober

Under første økt 11. november heldt Skeiv Ungdom ved Mary Ann S. Andersen undervisningsprogrammet deira RESTART for elevane. Det kom fram under opplegget at elevane var godt rusta for tematikken. Skeivt kulturår var  tema for haustoppgåva deira, der de laga verk som òg blei med i utstillinga på kunstmuseet. Fleire av eleva var òg godt orientert kring skeive tema, spesielt utanlandske trendar. Dette medførte at ungdomane nytta engelske ord kring skeive tema. RESTART-programmet var eit godt høve til å rydde i ordbruk og få eit norsk perspektiv på skeive tema.

Arbeidsøkt 2 – 11. november

SoFjoPride ved nestleiar Leif Jarle Espedal hadde innlegg om utviklinga til framstillingar av skeive i aviser i Sogn og Fjordane, frå 1970-talet fram til i dag. Innlegget demonstrerte korleis ein kan bruke blant anna avisar som historiske kjelder søkt opp på nb.no. Alle elevane hadde eit forhald til SoFjoPride – anten ved tidlegare deltaking i paraden eller kjennskap til organisasjonen. Etter innlegget hadde Espedal gjort stort inntrykk, og elevane opplevde ein klarheit kring den historiske røyndomen til skeive i fylket, gjennom avisartiklar og tidsvitnet som Espedal var i utstillingsprosessen som følgde.

Miniarbeidsøkter 15., 16. og 17. november

Mellom økt 2 og 3 tok elevane sjølv initiativ til å arbeide med marknadsføring og utstillingsdesign. Seks elevar brukte om lag fem timar av fritida si fordelt på tre dagar med å arbeide på prosjektet. Denne frivillige innsatsen talte mykje for sluttresultatet.

Arbeidsøkt 3 – 18. november

Heile arbeidsøkta var satt av til å montering med hjelp frå magasinteknikar, gjere ferdig formidling i form av tekstar og interaktive knappar.

Opning – 19. november

Opninga blei lagt til kl. 18:30-20:00 laurdag 19. november. Eleva og museet arbeida frå kl. 12.30-17 med dei siste førebuingane til gjennomføringa. Resultatet av prosjektet Attspegling vart ein heilheitleg utstilling med formidling i tekst og lyd på alle seks verk, utført av elevane. Opninga vert besøkt av 55 stykkar – fleire førstegongsbesøkande til kunstmuseet.

Tilstadeverelse på nett

Inntrykket ein har får arrangement og sosiale medie-innlegg har ei tone av opprør i seg. Elevane satte Førde på prøve ved ein intevervensjon i byrommet. Dei hang eigne verk med skeive tema opp i byrommet, med oppfordringa om å teikne på verka, samt ein tusj til fri disposisjon. I tillegg presenterte dei utstillinga med at elevane tok "kontrollen vekk frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum" på sosiale media.

kunstmuseet/20221117_103136.jpg.
Elevane "satte Førde på prøve" ved ein intvervensjon i byrommet.

Førebuing, stemingar og enkle grep

Det viktigaste ein kan gjere om ein skal drive erfaringsbasert forsking er å ha ein tydeleg problemstilling klar på førehand. Soleis kan ein sjå kva som gjorde at ein nådde eller ikkje nådde måla sine. Kvalitative data som erfaringsbasert forsking gir må førebuast meir enn ein kvantitativ undersøking. I tillegg burde forskaren vere i rolla som deltakande observatør. Forskaren burde òg ta stemningar på alvor. Det er mykje som beveger seg lydlaust mellom menneskje, og får ein høve til å setje ord på stemninga som går føre seg i rommet er ein godt tent med potensielt god informasjon. Frå KODE åpen veit vi at enkle grep som å samlast rundt eit måltid fører til sterkare sosialt lim og større tillit. Om ein skal nytte formidling til forskingsgrunnlag kan det vere nyttig å opprette god kontakt

Korleis kan dette nyttast i forsking?

I dette prosjektet kan det vere relevant å sjå på blant anna:

  • Korleis auka prosjektet forståinga for musea sine oppgåve hos deltakarane?

  • Kva for språk nyttar tenåringar når dei formidlar kunst?

  • Kva for verk ville deltakarane vald sjølv?

  • Korleis kan ein skape friare rammar og samstundes ta vare på samlinga?

Vidare informasjon

Nasjonalmuseet sitt formidlingsseminar
"Att bygga innehåll med utställningar: Utställningsproduktion som forskning" av Mattias Bäckström
KODE Åpen Inkluderende museum og målgruppetenkning
Kathrine Skarsholt
Prosjektleiar
Mayra Henrìques
Museumsleiar