Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Tett med publikum inne på Kunstmuseet.
Publisert 12/06/2023
Av Mayra Henriques

Eit museum for heile kunsthistoria

Nokon hadde nok ønskt at Kunstmuseet i Sogn og Fjordane hadde ein eigen Oddvar Torsheim-fløy. Det er viktige grunnar til at vi ikkje har det.

Oddvar Torsheim lagar kunst med mange gode og høgt skatta kvalitetar. Kunsten han har skapt er viktig for Førde, Sogn og Fjordane og Norge. Nettopp difor er kunsten hans godt representert i vår samling, med 55 verk. Men viss kunsten hans er så viktig, kvifor har ikkje Kunstmuseet kjøpt inn enno fleire bilete og laga ei fast Torsheim-utstilling?

441 kunstnarar i samlinga

Sogn og Fjordane Kunstmuseum si hovudoppgåve er å ta hand om kunsthistoria i Sogn og Fjordane. Det inneber å drive innsamling, bevaring, forsking og formidling på den delen av kulturarven vår. Museet har kring 1200 kunstverk i ei veksande samling, der 441 kunstnarar er representert.

Av andre viktige kunstnarar har kunstmuseet 59 verk av Kjartan Slettemark, 52 av Aase Kvikne Bjordal, 21 av Oddleiv Apneseth, 27 av Astrid Myklebust, 23 av Knut Rumohr, 19 av Britt Smelvær og Svein Thingnes, 16 av Bjørn Hegranes og 13 av Gunnar S. Gundersen. Det er mange hol å fylle i samlinga. Innkjøpsbudsjetta våre gjev ikkje rom til å kjøpe verk av dei mest kjende kunstnarane, inkludert Torsheim. For å sikre betre representasjon frå han gav Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane oss støtte til å kjøpe inn 30 verk, tilbake i 2017.

Mange museum jobbar også aktivt med å sikre seg langvarige lån av kunst, som kan vere eigd av stiftelsar eller private. Dette gjeld også oss – vi ynskjer supplere våre samlingar med slike innlån, som vi elles ikkje ville hatt økonomi til å kjøpe. Problemstillinga gjeld ikkje berre oss – dei største musea i Norge opplever også å bli utkonkurrert på kunstmarknaden.

Avdeling kunst ved Musea i Sogn og Fjordane har også ansvaret for Astruptunet, Eikaasgalleriet og Sogn Kunstsenter. Dei har kvar sine kunstsamlingar med fleire hundre verk. Desse tre musea er knytt til enkeltkunstnarar, der anten heimen (Nikolai Astrup) eller kunstverk (Ludvig Eikaas og Hans Gjesme i Lærdal) i si tid vart donert til dei respektive heimkommunane. Dei har etter kvart blitt innlemma i samlingane til Musea i Sogn og Fjordane.

8-10 utstillingar årleg

Sidan Kunstmuseet flytta frå Prestebøen og inn i iskuba ved lyskrysset for 11 år sidan, har staben vår planlagt og gjennomført minst 80 utstillingar, 8-10 i året. Det er ein miks av samtidskunstnarar og kunst frå samlinga, med ulike samarbeidspartar og ei mengd tema og kunstnarar. Vi har hatt ei eiga utstilling via Torsheim sin kunst, som også har vore representert i andre utstillingar.

Nettopp der ligg oppgåva vår. Å vise fram ei stor breidde av kunstproduksjon i Sogn og Fjordane – og Norge. Vise den fram i ein samanheng der kunsten anten snakkar for seg sjølv eller fortel noko om kunstnaren, ei tid, eit rom, eit fenomen. Med utstillingane følgjer formidlingsopplegg ved museumspedagog, retta mot besøkande – fastbuande, skuleklassar og turistar.

Samtidig driv vi eit grunnarbeid med registrering, tek vare på dei fysiske verka, og forskar vidt på kunst og kunstnarar.

Ansvar for breidde og djupne

Vårt ansvar kviler difor ikkje berre på den populære kunsten, men også den ukjende og den upopulære. Vi skal finne fram til dei kunstnarar som enno ikkje har eit namn og vurdere deira kvalitetar. Og det betyr at vi jobbar med representasjon: Vi skal sikre at kvinner, skeive og andre historisk sett underrepresenterte grupper også blir ivaretatt. Ja, kunstmuseet skal vise «dei gamle meistrane», som vi no gjer med Astrup. Men rommet vårt er til for å løfte fram eit mangfald, ei utvikling, ei breidde. Vise både store og små stemmer, og gjere det vi kan så kvar og ei av dei skal få skine.

Vår ambisjon

I tredje etasje på Kunstmuseet brukar vi å syne fram verk frå samlingane. Her planlegg vi å bygge opp ei ny samlingsutstilling som skal presentere kunsthistoria i vår region. Besøkande vil finne Oddvar Torsheim saman med Myklebust, Astrup, Haarr, Slettemark og ei mengd andre viktige stemmer som har skapt kunst knytt til regionen. Vi ønskjer på førehand vel møtt!


Tor Martin Leknes, avdelingsdirektør Kunst ved Musea i Sogn og Fjordane.
Mayra Henriquez, museumsleiar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Tor Martin Leknes og Mayra Henriques i magasinet.